Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Illustrasjonsbilete.
Illustrasjonsbilete.

Bålforbodet trer i kraft denne vek

Publisert Sist oppdatert

Det er likevel tillate å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann, men Norsk brannvernforening oppmodar alle til å vere ekstra forsiktige, særleg i område der det har vore lite nedbør.

– Ved uvisse bør ein ta kontakt med lokalt brannvesen, seier administrerande direktør Rolf Søtorp i Norsk brannvernforening.

Han oppmodar alle til å vere varsam og viser til at mange gras- og skogbrannar har starta som følgje av kaffibål som ikkje var forsvarleg sløkt – eller etter attgløymde eingongsgrillar. Gneistar kan flyge langt og sjølv om det er vått og fuktig der ein er, kan det vere tørt like i nærleiken.

– Ta heller med varm mat på termos, enn å risikere å starte brann ute i naturen. Det er viktig å ikkje belaste brannvesenet unødig, og brot på regelverket kan straffast med bøter, poengterer Søtorp.

Den som tenner bål, er sjølv ansvarleg for å sløkkje det heilt og rydde opp etter seg. Mange kommunar legg til rette for bålbrenning ved å etablere godkjende bålplassar. Desse er det normalt tillate å bruke heile året.

Powered by Labrador CMS