Mange nordmenn slit med søvnmangel. Tre av fem svarar at tankekøyr og bekymringar er den største årsaka, ifylgje ein ny statistikk frå Frende forsikring. 26 prosent svarar at mobilen er hovudårsaka.
NPK
Bekymringar fører til søvnmangel hjå tre av fem nordmenn
– For lite søvn går utover det meste i kvardagen. Kor opplagd du er på jobb, kor til stades du er på fritida og kva du får gjort med dagane dine. Me ser at ein del blir langtidssjukemelde og varig uføre på grunn av søvnproblem, seier rådgjevande lege i Frende Forsikring Helge Skjerven i ei pressemelding.
1.000 nordmenn blei spurde i undersøkinga som er utført av Frende forsikring. 55 prosent av dei svara at bekymringar gjer at dei har vanskelegare for å sova.
– Grubling og tankekøyr før me skal sova er eit skikkeleg problem for mange. Det blir ein skikkeleg vond sirkel som ein må bryta. Nokon klarar det på eiga hand, andre må ha profesjonell hjelp, seier Skjerven.
Det er i størst grad tankekøyr som fører til mest søvnmangel, og 55 prosent svara det som årsaka til at dei sleit med søvn. På andreplass på lista kjem mobilen, der 26 prosent svara at han stel søvn frå dei. Vidare fylgjer jobb (18 prosent), TV (13 prosent), born (13 prosent), sambuar/ektefelle (13 prosent) og kjæledyr (9 prosent).