Vinterferietankar:

Blokkerande høgtrykk

– Eit nytt vêrfenomen har redda årets ferie så langt, eit blokkerande høgtrykk» som brått avløyste eit 8-vekers blokkerande lågtrykk, skriv Kåre Rød.

Publisert Sist oppdatert

Underteikna har alltid vore interessert i idrett, og krim og seriar kan ikkje på nokon måte måla seg med spennande sportssendingar som til dømes VM på ski, 30 kilometer langrenn med skibytte. Ikkje alle idrettsgreiner har same appell, og skihopp med 60 deltakarar med Bokløv-stil som landar på nesten same plass i bakken, er ikkje førsteprioritet. I tillegg til å vera svensk hadde Bokløv dessverre eit endå større handikap, han hadde nemleg epilepsi, og då er eit luftig svev i fleire sekund ikkje heilt ideelt.

Dei siste åra har dessverre sendingane frå hoppbakkane endra seg mykje. Det blir mindre hopping, men desto meir meteorologi og venting. For å forstå dommarane og poengsummane må ein nå ha kunnskap om eit virvar av piler som viser bak- og sidevind i korridoren, oppdrift, grønt og raudt lys, kompensasjon og frådrag for gode forhold. Når vil NRK skaffa seg spesialkompetanse og ha Kristen eller Kristian Gislefoss som medkommentator? Dei bør neppe prøva seg i bakken, men kan jo prøva hoppdressane for å hindra disk på grunn av hol bak i dressen. I TV2 kan det bli kamp om jobben, men ingen kan vel utfordra fargerike Eli Kari?

Elles er det interessant å registrera at damene nå får lov å konkurrera saman med menn både i hopp og kombinert, til og med i stor bakke, men ennå har ikkje gubbane i IOC godkjent kombinert for damer som OL-grein.

Som pensjonist pleier eg å nytta meg av alle feriar pluss skidagen, og framleis blir eg provosert av dei som hevdar dei ikkje har vinterferie. Alle har vel vinterferie, men dei vel å ta ferien på ei anna årstid? Eit nytt vêrfenomen har redda årets ferie så langt, eit blokkerande høgtrykk» som brått avløyste eit 8-vekers blokkerande lågtrykk. Blide turistar, flotte forhold i fjellet pluss pengar i kassa for skisenter og butikkar. Men det er alltid eit MEN, straumprisen må sjølvsagt opp på grunn av lite vind og kuldegrader om natta. Gjekk forresten prisen mykje ned då det regna og bles som verst i januar? I går rusla eg derfor ein tur inn i skogen med øks og motorsag for å stå betre rusta til straumrekningane neste vinter.

Dagens store snakkis er vindturbinane på Fosen medan TV-nyheitene viser store politistyrkar som brukar all slags energi på å bera protesterande samar og Gretha Thunberg bort frå inngangspartiet til ulike departement. 500 dagar etter einstemmig dom i høgsterett lurer Jonas og regjeringa på å skaffa seg eit nytt kunnskapsgrunnlag i saka. I mellomtida lurer eg på om det blokkerande høgtrykket også vil visa seg i påsken og sommarferien.

God ferie!

Kåre Rød

Powered by Labrador CMS