Bosse» sette Sauda på kartet
Ein av dei beste påskeferiane er over, og både butikkar, uteliv og skitrekk har fått påfyll av både kapital og pågangsmot.
Turistar og fastbuande har via besøk i fjellheimen fått opplevingar, energi, D-vitaminer og farge i bleike covid-kinn.
Eigentleg hadde eg ein ferdig disposisjon for artikkel nr. 13, men ordet påske gav meg assosiasjonar om fest og festivalar slik at dette berre kjem til å handla om ein mann, Bernt Lindekleiv og hans grenselause idèar og kulturarrangement.
I april 1970 har Ryfylke ein prat med Bernt Lindekleiv, og i overskrifta slår lokalavisa fast at han er Saudas kjendis nr. 1. Med kallenavnet Bosse får me vita at han ikkje er som oss andre fordi han er anti-materialist, forkastar karriere-jag og goder» frå vår sivilisasjon. Dessutan er han vennleg, hjelpsam og tolerant, med andre ord mot all vald. Den 26 år gamle avhaldsmannen har alt vore innom mange ulike yrke som postbud, gartnar, typograf og portier, og han har studert medisin, jus og teologi, men berre 14 dagar i kvart fag. Han har vore tennistrenar og tatt seg av barnepass i den amerikanske ambassaden i Athen, vore med i radiodebatt som sakkunnig jurist og operert som medhjelpar i operasjonssal utan å tåla å sjå blod. I vår lokale plaskedam har han vore tilsett i Utebassenget, men akkurat nå er Bernt aktuell med ein stor reportasje i Hjemmet fordi han skal spela arkitekt i Bergman-filmen, Reservatet. I visse krinsar blir nå Bernt omtala som Romeo frå Sauda, og Ryfylke nemner sjølvsagt også Bernt si deltaking i 6-dagars-krigen i 1967. Då krigen braut ut, var Bernt i Athen, men ei rik, amerikansk dame betalte reisa til Israel der han ein time etter landing var ved fronten som sanitetshjelpar og krigskorrespondent. Dermed dukka Bernt også opp på TV i Onsdagspraten» med Kjell Arnljot Wig, den arrogante, røykande programleiaren.
Journalisten i Ryfylke lurte også på kor han fekk reisepengane frå, og svaret var typisk Bernt. Eg har mange gode vener over heile Europa som gir meg ei håndsrekning og losji. Dersom det er krise, spelar og syng eg på restaurantar.» Korleis går det så vidare med Bernt, ein av våre mest fargerike originalar? Det er i grunnen berre å gå inn i arkivet til Ryfylke, men materialet er så omfattande at eg berre må gjera eit utval av fleire tusen treff.
Første oppslag frå juni 1953 viser at Bernt blei tredjemann på 60 meter i klassen bak Lars Hauge og Alf Ringstrand. Avisa har forståeleg nok ikkje registrert at han visstnok i 4-5 årsalderen aleine tok bussen til Haugesund. Reiselyst og utferdstrong viste seg altså tidleg, og det er lett å forstå at foreldra nærast måtte tjora han fast. Bernt var eldst av tre brør, og dei vaks opp i streng religiøsitet og pietisme. Sigmund studerte teologi og blei prest medan yngstebror, Arne, var omreisande predikant. Såkalla velinformerte kjelder hevdar at Bernt eigentleg vaks opp på feil plass til feil tid?
I 1970 opptrer Bernt som agent for ei slags helseplate for folk med rygg-, bein- og skulderplager, men han startar også discoaften med seg sjølv som discjockey. Året etter blir han velferdssekretær for Sjømenns leseværelse, og ikkje uventa mottar Leif Ljung og resten av styret astronomiske telefonrekningar etter Bernt sine mange globale samtalar.» Han arrangerer fotballkamp mellom Vikings U-lag og Marinens landslag, forsterka med Leif Birkeland og seg sjølv. Både junior- og A-lag i fotball hadde treningskampar mot sjøfolk som låg til kai på fabrikken, og ekstra livleg kunne det bli når Bernt fiksa invitasjon om bord etter kampen. Så får Bernt i stand kveldar for jazzballett, han ordnar eit møte for krigsinvalide, og han startar Sjømannsveka ved sjølv å hoppa på sjøen for så å bli redda.
Jula 1971 er det lyrikkaften i Bernts Galleri, og snart er det kulturkveld med Olle Adolphson. I 1972 giftar Bernt og Elisabeth seg, og han blir far til Sunniva. Pågangsmot og innsats er ufatteleg, og nå kjører han på med talentkonkurranse, loppemarked og ungdomsaksjonen Te for ti til inntekt for eit fiskeriprosjekt. Sjølv tener han nokre kroner på spesialtrikset sitt som dei fleste på min alder har vore vitne til. Bernt låner ein 5-kroning, og dersom trikset er vellukka, blir 5-kroningen liggande i lomma hans. Han kastar nemleg mynten opp i lufta og tar den på tjabba før mynten finn vegen til eiga brystlomme. Det blei stort sett gevinst kvar gong, i sterk kontrast til då han deltok i slalåmrenn og blei utklassa av både Kristian Lie-Nilsen og Arne Skogerbø.
I 1975 samlar Bernt kjende artistar som Jan Eggum, Hege Tunaal, Kjetil Bjørnstad og Finn Kalvik til påskefestival, og Bernt blir æresmedlem av det greske samfunn i Norge. To år seinare blir han også Norges første greske kulturkonsulent, og kva er vel då meir naturleg enn ei gresk/norsk kulturveke med konsertar, føredrag, film og utstilling? Her fekk han god støtte av Kjell Magne Bondevik, og Bernt toppa det heile med lotteri og ferietur til Rhodos som gevinst.
Påskefestivalen blei ein 20-årig tradisjon, og trekkplasteret i 1978 var artisten Julie Felix og fransk/norsk kulturaften. Både fylket og kommunen gav 5-10 000 kr i støtte, men det kom kritiske røyster både til rekneskap og Bernt sine mange solo-utspel. Ein gong ringde han for eksempel til ordførar, Hans Frette, og utan førehandsvarsel lurte så Bernt på kva kommunen ville gjera neste dag, for då kom nemleg forsvarsministeren til Sauda. Ein noko oppkava Frette skal då ha svara: Då skal han få kjøtkaker», og slik blei det!
Festivalen over 10 dagar i 1979 inneheldt blant andre tryllekunstnaren, Tore Torell, Bytunets Antikvariske Jazzensemble og den kjende folkerock/visegruppa Magna Carta. Bernt hadde også oppfatta kritikken mot eige onemanshow, og i alle fall på papiret hadde han alliert seg med ei styringsgruppe» som bestod av Jan Edvin Birkeland, Fritjof Jensen og Kristian Lie-Nilsen. Festivalen i 1980 blei åpna av ordførar, Kåre Årthun, og gjennomgangsmelodien» var britisk folkemusikk. Bernt sørga også for at musikarane fekk skinstruksjon av ingen ringare enn Stein Ivar, Jarle og Edvin Halsnes.
Festivalen i 1981 blei åpna av stortingsrepresentant, Håkon Randal, og naturleg nok var det premiere på filmen Liten Ida» med Sunniva i hovudrolla. Elles variert program med Teddy Nelson og Magna Carta, men litt uro i rekkene etter Bernt sin samtale med Se og Hør, og ikkje minst då Sunniva blei verdas første kvinnelege elefantførar i jungelen og leiar for ein fredsekspedisjon i Nepal/Tibet med høg prislapp for skattebetalarane.
Me hoppar fram til 1994, og Bernt blir kåra til årets saudabu. Han er som alltid pengelens, men han har fersk telefaks frå gardesjefen om at den kjende drilltroppen kjem til Sauda. Gardesjefen si åpning av Sauda Kultur og Velferdssenter viste seg altså å vera ei slags innviing av Bernt sin private terrasse i Ringhagen. Dette kom nok overraskande på fleire høge herrar» som krølla originaltalen sin, la godviljen til og pressa fram eit smil. Statsraad Lehmkuhl på fjordcruise i strålande ver var på ingen måte noko minus og resulterte i suksess, flott omtale av ryfylkeredaktør Wenche Pleym og varme lesarbrev med konklusjonen: Nå er du endeleg godtatt!»
Dette var neppe nok for Bernt som kjempa heile livet for å få omgjort sin eigen diagnose som utilrekneleg og ute av stand til å få ein vanleg jobb. I denne kampen passa det godt med attesten frå Gluntanmanageren: Hovedinntrykket mitt er at Sauda ikke er klar over hvilken person de har i deg.»
Kommunen prøver å få sving på sine Saudadagar, men utan hell, og fleire meiner at Bernt bør få ansvaret, vel å merka saman med ein økonomisk rådgjevar. I ettertid har Bernt sine næraste støttespelarar sagt at han ikkje var mottakeleg for råd.
Under overskrifta Det er mykje som går an,» hentar Bernt i 1995 store verdsstjerner som Mikis Theodorakis og Arja Saijonmaa til vesle Sauda. Problemet er berre at han styrer det aller meste sjølv, inkludert billettsal til dei ulike konsertane. Han var ofte innom lærarrommet på ungdomsskulen, og den eine gongen selde han fire ulike konsertbillettar plassert i dei fire bukselommane med tilsvarande billettinntekter og vekslepengar i dei same lommane.
Det kan lett bli ein kaotisk rekneskap, men for publikum var konklusjonen unison: Fantastiske konsertar både i Saudahallen og i ovnshallen på fabrikken, og underteikna var også på plass på gudsteneste i ovnshuset ein søndag føremiddag. Som vanleg hadde Bernt god kontakt med både høgare makter og vèrgudane, og sola skein gjennom dei naturleg sota glasa, med varmen frå ein ovnstapp i ryggen. For ei ramme rundt biskopen og prestar i fleirtal!
Kor kom så idèane og energien frå? Det er nok å nemna Moskva Balalaikaensemble, Bolshoiballetten, Skruk og Ytre Suløen, Morten Harket, Bjørn Eidsvåg, Grete Svensen, aksjon mot RUS og åpning av Hylen kraftstasjon som konsertsal. Norske topp-politikarar stod tilsynelatande i kø for å reisa til Sauda saman med prestar/biskopar, russiske journalistar, militære og kosmonautar. Bernt var glad i prisar og medaljar og mottok sjølv både Gagarin- og Pushkinmedaljen (russisk diktar) men i samarbeid med Arne Skogerbø delte han også ut Bernt Lindekleiv sin ærespris, blant anna til Garden.
Trass i sine fysiske handikap var Bernt sprek og på slutten av 90-talet begynte han med toppturar, vel å merka om natta. Då var det betre temperatur, og i Ryfylke frå 1997 er han avbilda på Reinsnuten med Inger og Trygve Aartun, solide støttespelarar for Bernt, men neppe blant dei ivrigaste nutfantane.
For underteikna vil markeringa av Fjellets År i FN-regi i 2002 forbli det absolutte høgdepunktet på Bernt sin imponerande CV. Den første informasjonen om Skaulen-turen fekk eg på Niptoppen våren 2002 då Bernt nærast hoppa ut av bilen i fart for å fortelja om opplegget. Det blei ein fantastisk folkefest og ei stor oppleving for alle 420 personane som gjekk tur/retur Dalvann-Skaulen. (Årets skitur til Skaulen i flott ver samla 22 personar) Med høgtalaranlegg og talar av krigshelten Claus Helberg, forsvarssjef Bull-Hansen, biskop Baasland og statsråd Steensnes, for ikkje å gløyma Rønnaug Foss Alsvik som song Vestland, Vestland. Heilt magisk!
Året etter hadde FN Reint vatn som tema, og Bernt hadde eit flott arrangement på Juvastøl med musikk og indianarar, men annonseringa var dessverre ikkje god nok.
Gjennom alle år kjempa Bernt for økonomisk støtte og underskotsgaranti frå kommunen, men utgiftene var ofte høgare enn inntektene slik at Bernt sleit med gjeld etter eigne arrangement livet ut sjølv om han var elles ein meister i alliansebygging. Turid Egner Olderheim var jo arveleg belasta reint kulturelt, og ho var ein god støttespelar for Bernt, spesielt fordi ho var kona til Vegard Olderheim, direktøren på smelteverket.
Mange av Bernt sine arrangement fortonar seg som usannsynlege eventyr, i ettertid sit mange igjen med spørsmålet: Korleis fekk han det til? Kva for knep hadde Bernt for å lokka artistar i verdsklasse og nasjonale stjerner og topp-politikarar til vesle Sauda? Store byar kjempa i årevis for å få Garden på besøk medan Bernt fiksa dette tre gonger på sju år. Korleis takla han presset rundt krevande arrangement med mange deltakarar og innfløkt logistikk? Han var både privatpraktiserande kultursjef med eigne sprang og piruettar, og han var folkediplomaten som knytte kulturelle vennskapsband over landegrensene. Kjende artistar aksepterte tilsynelatande ei flatseng hos Bernt sine vener, dei ignorerte den vanlege raideren og solid oppvarting, og fleire fekk neppe betaling for jobben eller reiseutgifter dekka, men dei kom likevel igjen.
Bernt tok aldri eit Nei for eit Nei,» er kanskje den vanlegaste forklaringa. Bernt gjekk heller ikkje tenesteveg, han tok kontakt på toppen av rangstigen, og han møtte både gardesjef og forsvarssjef liksom tilfeldig» på Karl Johan. I tillegg til engelsk og tysk klarte Bernt seg brukbart på gresk, og med gode talegåver og frekkhetens nådegåve kunne han styra spørsmål og svar i rett retning.
Frå ein av mine informantar har eg fått eit eksempel:
B: Jeg har invitert Claus Helberg og kona på middag i kveld. I: Hvor skal du ha det da? B: Hjemme hos deg, tenkte jeg. I: Tror ikke det passer. B: Da sier vi det. Kommer i 7-tida vi da!
Den kjende fotografen, Pål Hermansen, som eigentleg var tannlege og homøopat, hjelpte Bernt i mange år. Hermansen hadde forresten fotoutstilling i Perlå som Bernt eigde frå 2004-06, og han gav ut den flotte boka, Eld og Vatn, med lokale bilde og tekstar av Kjartan Fløgstad. Eg har vore i kontakt med Hermansen som hadde denne teorien: Bernt hadde en underlig evne til å overtale folk. Han hadde ingen sperrer for hvem han kunne spørre, og hva han kunne spørre om. Dessuten formidlet han på sin egen måte at det egentlig ikke var noen opsjon å svare nei. Fikk han nei, gikk han bare flere runder og greidde til slutt å overtale folk. De ble nok så overrumplet av frimodigheten og standhaftigheten at han lettere fikk ja enn det som er vanlig.»
Dessutan må me ikkje gløyma Bernt si evne til å improvisera og sno seg i kritiske situasjonar. Som guide for norske venner på tur til Russland oppheva han nærast normale rutiner på den strenge, russiske flyplassen, og hans spontane omdirigering av russiske skip inn til Sauda låg langt utanfor planen til det norske forsvaret.
Bernt Lindekleiv fekk dessverre ein tragisk slutt med rettsak, sjukdom og tidleg død i 2015, men me må aldri gløyma dei unike arrangementa hans gjennom meir enn 30 år. Snakk om å setja Sauda på kartet! Bernt fekk heldigvis kommunens Kulturpris for 2003, og så kan me sjølvsagt diskutera om Bernt fortener ei byste i Lauritzen-stil utanfor Folkets Hus?