GRÜNDER: Sjølvdesigna, komfortable bunadsko veleigna for våte og kalde festdagar er hovudproduktet til Janne Hindrumsen når ho no startar sitt eige firma, Bunadservice AS. Som bedriftsnamnet tilseier, tilbyr Hindrumsen óg anna sjølvdesigna tilbehør til bunadar, mellom anna ein vasstett cape. (Foto: Arvid Horpestad)
Designer eigen arbeidsplass
Ein våt og kald 17. mai er bakgrunnen for at Janne Hindrumsen etablerer eige firma.