Hjelpeorganisasjonane kan bidra med gåver, måltid og matposar, men det betaler ikkje rekningane til folk. No etterlyser dei statleg hjelp.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Dobbelt så mange ber om julehjelp
I fjor fekk Kirkens Bymisjon i Haugesund inn 1.800 ønske frå folk som trong hjelp til jul. I år er det hittil komme inn over 4.000. Det skriv NRK. Kirkens Bymisjon er vane med at folk slit økonomisk før jul, men omfanget er mykje større i år:
– Vi kan hjelpe med gåver og måltid. Men det betaler ikkje rekningane til folk, seier Helene Skeie Østhus i Kirkens Bymisjon til NRK.
Over ein halv million nordmenn lever under grensa for låginntekt. Studentar er ikkje rekna med. Tal frå SSB viser at 115.000 barn under 18 år lever i familiar med vedvarande låg inntekt. EU sin definisjon av låginntekt er inntekt under 60 prosent av medianinntekta.
Nye fattige
Østhus i Kirkens Bymisjon meiner det har komme ei ny gruppe fattige i samfunnet, og at folk som før hadde heilt normale liv, blir ramma av høge utgifter. Også til Frelsesarmeen i Stavanger kjem det mange som treng eit gratis måltid. Dei fortel at pågangen er blitt større i haust, spesielt blant barnefamiliar som ikkje har trengt hjelp før. Somme av dei har ikkje råd til mat.
Fleire av organisasjonane har også merka at det er vanskelegare å få inn pengegåver i haust. Hjerte for Menneske» er ein av hjelpeorganisasjonane som fortel at det er kome inn færre hjelpebidrag i år. Organisasjonane etterlyser statleg hjelp.
– Januar blir nok krevjande. No må AS Noreg hjelpe til, seier Helene Skeie Østhus i Kirkens Bymisjon til NRK.
(NPK)