Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

I byane spesielt kan det verke som at det er mykje måsar om våren, men måsebestanden har faktisk hatt ein stor tilbakegong over fleire år.
I byane spesielt kan det verke som at det er mykje måsar om våren, men måsebestanden har faktisk hatt ein stor tilbakegong over fleire år.

Du må handle no om du vil unngå bråkete måker denne sommaren

Publisert Sist oppdatert

– Våren og sommaren er ei sårbar tid for dei truga måkene over heile landet, og det er viktig at måkene får høve til å hekke i fred i denne perioden. Vi må lære oss å leve med naturen tett på, også i byane, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet, i ei pressemelding.

Måker vender oftast tilbake til same hekkeplass over fleire år. Hadde du problem med måker i fjor, kan du gjere førebyggjande tiltak for å få dei til å finne ein annan stad no. Dette må gjerast i god tid, fordi måkene skal få hekke i fred når reirbygginga er i gang, og då er det forbode å fjerne eller forstyrre reir.

Før måkene byggjer reir, kan du gjere førebyggjande tiltak:

*Spenne opp trådar på typiske sitteplassar, på gesimsar og takutstikk der fuglane ofte sit for å observere og følgje med.

*Spenne trådar opp på taket med 30 centimeter mellomrom og 30 centimeter opp frå taket før hekking, men ikkje bruk nett som fuglane kan sette seg fast i.

*Variere med ulike typar fugleskremmarar før hekking.

*Kommunen kan legge til rette for hekking andre stader ved å bygge måkeplattformer som blir sette opp på eigna stadar.

(NPK)

Powered by Labrador CMS