Bak dører av kirsebærtre tittar Einar Andreassen fram frå båten han har brukt meir enn to tiår på å bygge. No ser han fram til sjøsetting denne sommaren.
Bak dører av kirsebærtre tittar Einar Andreassen fram frå båten han har brukt meir enn to tiår på å bygge. No ser han fram til sjøsetting denne sommaren.

– Eg tenkte bygginga skulle ta sju til ti år. Der tok eg feil.

I eit raudt, vêrbitt gardshus på Birkeland står det ein båt. Det er ein flunkande ny motorseglar på 43 fot, som Einar Andreassen har bygd sjølv. Det har han brukt 22 år på.

Publisert Sist oppdatert

Skroget på Einar Andreassens sjølvbygde motorseglar stikk nesten fram i portane på det raude gardsbygget på Birkeland. Akterenden er ikkje langt ifrå porten på den motsette sida av bygget. Den er stor og brei, men har linjer som sender tankane til tradisjonelle Colin Archer-seglarar. Men det er ikkje slik, ikkje på nokon måte. Andreassen peiker og forklarar. Skroget på ein Colin Archer har ein bua baug, medan baugen på denne båten buar seg motsett veg.

– Opprinneleg var planen å bygge ein Colin Archer, men før eg skulle starte med bygginga kom eg over eit prosjekt i Sandnes, ein motorseglar frå Vågen Design, som eg kjøpte teikningane av. Denne typen er kalla Clipper/Ketch. Clipper er forma på skrog og baug, og Ketch tyder at båten er tomasta, forklarer han.

Einar Andreassen starta med planlegginga av sitt store prosjekt mens Boris Jeltsin framleis var Russlands president, skodespelar Per Aabel framleis var blant oss, og same år som Ricky Martin knuste pikehjarter med danselåta ”Livin´ la vida loca”, nemleg i 1999.

Einar Andreassens sjølvbygde motorseglar er av typen Clipper/catch. Eitt kjenneteikn er baugen som buar seg som ein spiss, som er motsett veg enn den meir vanlege Colin Archer-varianten.

Planlegging, førebuingar og innkjøp av materialar er ikkje gjort på 1-2-3 når ein står overfor eit omfattande båtbyggarprosjekt. Første steg på vegen var å finne ein egna plass å bygge båten. Løysinga blei å sette opp eit bygg i samråd med Henrik Birkeland, og Andreassen er tydeleg på at prosjektet ikkje hadde lete seg gjennomføre, om det ikkje hadde vore for Birkelands velvilje.

Arbeidet med skroget starta i 2000. Båten er ikkje kravellbygd, slik dei fleste trebåtar er. Einar har nytta ein teknikk som er kalla strip-planking, som er både tidkrevande og nøyaktig arbeid.

– Utanpå treverket i skroget, har eg lagt eit lag med vevd glasfiber, og epoxy i fleire lag. Skroget blir dermed heilt stivt, og ein kan ikkje kjenne på det at det er laga av tre. Arbeidet med å få skroget ferdig tok tre år, men eg er fornøgd med resultatet. Generelt er det veldig lite rette linjer i eit slikt bygg, og det har vore krevande og lærerikt arbeid, fortel han.

I gardsbygget på Birkeland fyller båten nesten heile arealet, men på ledige plassar er det ulike delprosjekt som tar plassen. Det er nemleg svært mange detaljar som skal på plass, og båtbyggaren har ingen problem med å ha fleire ting gåande på ein gong. Det er luker, panel og andre smådelar som er under bygging rundt om. Eit salongbord er omhyggeleg forma og limt saman av fleire bitar treverk i teak og kirsebær. Teak er ettertrakta på maritime bygg, og på Andreassens båt er heile dekket laga av omlag 600 meter med teak-stavar. Det gir ein flott utsjånad, og har også eigenskapen at det ikkje blir glatt når det blir vått.

Det er nytta omlag 600 meter med teakstav til dekket på motorseglaren, og også utvendige luker er bygd av denne eksklusive tresorten.

Teaken som er nytta til det innvendige i båten, fekk han frå sin tidlegare arbeidsgivar Statkraft, der Andreassen jobba som ingeniør før han nyleg pensjonerte seg. Det er frå ein styrepult som blei nytta på ein av selskapets driftssentralar, som no har fått nytt liv som båtinteriør.

Rekkverket langs dekket er av ein mørkare tresort, nemleg mahogny. Akkurat dette treverket handla Andreassen frå Molla snekkerverkstad då den blei lagt ned for mange år tilbake. Dei innvendige dørene er laga av kirsebærtre frå Jelsa.

Å vere med Einar Andreassen rundt på båten han har brukt 22 år på bygge, er ei spesiell oppleving. Andreassen bruker eit beskjedent språk om arbeidet sitt, og sjølv om handverket er aldri så imponerande, skildrar han det sjølv som oppgåver som alle kunne ha fått til.

– Eg er jo ikkje proff på dette, og eg har måtte oppdage korleis ting skal gjerast og løysast på nytt mange gonger undervegs. Det har vore veldig lærerikt, og det er jo slik at eg opprinneleg tenkte at dette skulle ta mellom sju og ti år. Det gjorde det ikkje. Rett nok så har eg også brukt tid på å pusse opp både hytta og bustaden vår, men 22 år er lenge uansett, ikkje minst for ho som har halde ut med meg alle desse åra, smilar han.

Dei beskjedne ordvala er brått borte når han fortel om kona Norunn, som han skildrar som ei trufast støtte gjennom båtprosjektet som har kravd meir tid og pengar enn nokon kunne sjå føre seg.

– Utan den støtta og tålemotet Norunn har gitt meg desse åra, hadde det vore utenkeleg å klare dette. Ho har vore heilt avgjerande for meg, og det er eg enormt takksam for. Når båten er ferdig, har vi planar om å reise på nokre skikkelege turar saman. Vi har snakka om turar langs norskekysten og nordover, og vi har snakka om å segle til Inverness i Skottland. Vi får bare håpe at ho slepp å bli båtsjuk, for ho er ikkje så sjøsterk, fortel han.

Sjølve skroget på Andreassens motorseglar er laga etter teikningar, men den innvendige innreiinga er det han sjølv som har planlagt, teikna opp og bygd. På storparten av seter, panel og luker innvendig, har han nytta tresorten alm. Han fekk denne av Stein Olav Fattnes. Alm gir eit livleg spel i årringar og fargevariasjon, og gir innreiinga eit lunt og eksklusivt preg. Innvendig har båten to store lugarar, der éin dobbeltlugar er akter, medan ein er heilt framme. I tillegg er ei romsleg stove og to toalett, samt eit dusjrom. Som nemnt har Andreassen ikkje spart på konfekten, og dermed falt valet på toalett i italiensk porselen.

Toalett i italiensk porselen og god plass er sjeldne varer i fritidsbåtar, men i Einar Andreassens båt er det begge delar.

Mens vi går rundt og kikkar, får vi jamt og trutt melding frå Andreassen at ”Den løysinga der er bare midlertidig”. Han er jo nøye også med dei små detaljane, og då er ei laus leidning, eit manglande lokk eller eit uferdig skap ikkje noko ein har lyst å vise fram utan ei forsikring om at det sjølvsagt ikkje skal vere sånn. Når ein har lagt så mykje sjel i eit arbeid, er det ikkje vanskeleg å forstå.

Det er ikkje spart på noko, og eit velutstyrt kjøkken er ein sjølvfølge i ein båt av dette formatet.

I det store og det heile er båten ferdig. Motoren, ein 150 hestars Iveco, blei kjøpt flunkande ny og installert for nokre år sidan, og etter planen skal båten fraktast til sjøsetting i sommar. Frå båten skal fraktast ut av gardshuset på Birkeland, og til den ligg på vatnet, er det mykje som ikkje bør gå gale. For å frakte båten ut av bygninga, må det byggast ei spesialtilpassa tralle, med svære traktorhjul, som skal få farkosten ut i det fri. Målet er sjøen, og på strekninga fram dit er det mange svingar og bratte bakkar. Vi tør ikkje spørre om korleis han hadde reagert om uhellet skulle vere ute. Han skal få sleppe å tenke på det.

– Før den skal på vatnet, skal den plasserast oppå ein stålkjøl som skal vere tilpassa båten. Så er det litt listverk og andre småting igjen å gjere når båten er sjøsett. Det skal nok ikkje ta lang tid før vi reiser på den første turen, seier han.

Korleis er det så for ein fersk pensjonist, som har hatt eit slikt byggeprosjekt gåande i 22 år; vil han ikkje begynne å kjede seg når alt er ferdig?

– Nei, på ingen måte. For det første skal kona få litt igjen for at ho har halde ut, og vore så støttande og tålmodig. Vi skal nyte båten saman, og eg skal ha meir tid til andre ting som hus og hytte. Det blir ikkje vanskeleg å fylle dagane, det er heilt sikkert, smiler han.

Einar Andreassen får stjerner i auga når han fortel vidare om planane som han og kona Norunn har for dei neste åra, og den vakre motorseglaren er ein sentral del av desse planane. Men ingen båtar drar vel på seilas utan eit namn. Kva skal båten heite?

– Det trur eg nok du sjølv kan gjette, seier Einar Andreassen med eit stort smil om munnen.

Joda, vi har nok ein idé.

Powered by Labrador CMS