Christmas present

Ei jul å minnast

Adventstida går nå mot sin ende, og julefreden skal endeleg få legge seg over Sauda. Kvardagens gjeremål skal leggast til side, stress og koronarestriksjonar skal leggast bak oss og gåver skal leggast under treet. Tida er komen for å finne tilbake kvilepulsen, humøret og kvarandre.

Publisert Sist oppdatert

Det er lett å gløyme kvarandre når juleførebuingane herjar som ein nådelaus storm i heimar, butikkar og kjøpesentrer i vårt velståande land. Den skruppellause handlinga av gåver strekk seg til nye rekordar kvart år, og det er tilsynelatande ikkje grenser for nordmenns behov for å kutte greiner på juletreet for å få plass til stadig fleire julegåver til dei stadig meir forventningsfulle små.

Hos mange blir julekvelden som eit galehus av olympiske dimensjonar. Gløymt er både julefred og takksemd. Når far har tørka ribbefeittet av slipset og fått ned eitt par munnfullar med riskrem, då skal galskapen starte. Då bit mor tennene saman, mens ungane sitt klare med dei små klørne sine. Gåvene skal opnast.

Når timar er gått, og røyken endeleg har lagt seg etter den strabasiøse gåveopninga, er ikkje mor så lett å få auge på mellom tre store søkkelsekkar med gåvepapir. ”Hjelpe meg, så mykje gåver det var i år”, seier ho sukkande og hovudristande til far, sjølv om ho har vore faneberar i korstoget gjennom butikkane i vekene før jul. Ei scene mange kan kjenne seg igjen i.

I år er det annleis for mange.

I år er det nemleg mange som ser seg nøydde til å dra i bremsa, som har måtta sjå økonomien ta smell etter smell, månad etter månad, i eit år der ingenting har gått som planlagt. Det er derfor inga sjølvfølge for alle at dei små kjem til å finne det dei ønsker seg aller mest under juletreet, og for ein vaksen kan det forståeleg nok vere ein vond realitet å innfinne seg med.

Til dei som har det slik, vil eg gjerne gi ei oppfordring; Ikkje fortvil.

Eg skal fortelje kvifor. Eg har fantastiske minne frå jula som barn. Eg minnast julefeiringane hos besteforeldra mine, der familien var samla kvar jul. Dei hadde krumkaker i ein boks i skåpet, og polkagrisar i ei skål på bordet. Skåla var av glas, og var forma som ei kjerre, med ein hest som drog den. Ute lukta det svakt av vedfyring, og det var så kaldt at det svei litt i nasen. Der laga eg mi første snøhole.

Eg minnast dei handsydde dukane på bordet. Eg minnast at dei hadde ei kyrkje i miniatyr, som ein kunne trekke opp, og då spelte den melodien til ”Glade jul”. Eg minnast morfar, som alltid skulle kvile middag i ei heil evigheit, og endå litt til. Eg minnast luktene i huset, av stearinlys, av julemiddag, røkelse, klementinar og kanel.

Eg minnast julemorgonane, då eg sto grytidlig opp for å sitte med kjøkkenbordet og spele kort med mormor. Eg minnast turane eg og morfar gjekk ned til jernbanestasjonen for å sjå på lokomotiva for at tida skulle gå litt fortare for meg på julaftan.

Eg kan ikkje minnast kva eg fekk i julegåver.

Powered by Labrador CMS