family celebrating Christmas

Ei julehelsing til deg

Når julemorgonen kjem om nokre dagar, blir eg høgst sannsynleg vekka grytidleg av to spinnville og spente krabatar på seks og åtte år.

Publisert Sist oppdatert

Med pysjamas og sovehår kjem dei til å bombardere meg med spørsmål, ting dei vil vise meg, etterfulgt av endå fleire spørsmål. Eg kjem heilt sikkert til å gjere eit forsøk på å drikke ein kopp kaffi saman med kona mi, som kvelden i førevegen har laga til julestrømpar til dei små, som står og trippar for å vise meg kva som er oppi.

Då skal eg hugse at ikkje alle i Sauda har nokon som kjem springande i pysjamasen julemorgonen.

Føremiddagen på julaftan handlar på mange måtar om førebu seg på ettermiddagen. Det er julemiddag som skal lagast. Julekaker som skal settast fram og krokar som skal støvsugast. Desse gjeremåla får fram mange minne for meg. Minne om då eg sjølv var ein liten krabat med sovehår, pysjamas og dirrande forventningar. Det er minne om spenning, om lukter og smakar. Minne om smil og tryggleik. Det er minne som mine foreldre og besteforeldre skapte, ved å sette oss smårollingar først, heile denne store dagen gjennom.

Det er ikkje alle smårollingar i Sauda som har trygge og gode minne frå julafta.

Eg blir ikkje like stressa som min betre halvdel om det er peparkakesmular på juleduken, om juletreet har spreidd juleglede utover golvet, om svoren på ribba ikkje er jamnt steikt, eller om nokon har vore så uheldig å servere potetane i kasserolla dei blei kokt i. Eg trur vi utfyller kvarandre godt. Mens eg hjelper ho med å slappe av og nyte augeblikket, hjelper ho meg så ingenting tar fyr eller kokar over mens vi nyt stunda. Det fungerer i grunnen veldig bra.

Det er ikkje alle i Sauda som har nokon å diskutere svoren på ribba med.

Julekvelden starta seinare før i tida. Då eg var liten, var rutinen den same kvart år, og den er heilt sikkert ikkje ukjend for mange. Då julemiddagen var eten, skulle bestefar kvile middag før gåvene skulle opnast. I dag er det ikkje tid til den slags. For å rekke å opne gåvene før dei små sovnar ståande, må vi begynne tidleg. Sjølv kjenner eg alltid på ei blanding av glede over å sjå dei små så spente og ivrige, og ein form for flauhet. Ingen har behov for så mykje, tenker eg. Men eg smiler som regel godt, der eg sit mellom to plastsekkar med gåvepapir.

Det er ikkje alle i Sauda som har råd til å kjøpe julegåver til barna sine i år.

Når den berømte julefreden har senka seg i stova heime hos oss, då pustar vi ut, min kjære og eg. Då spør vi kvarandre om alle fekk det dei håpa ut av dagen, om ungane var glade nok og om vi har huska å ringe alle for å takke for gåvene. Som regel har vi grei kontroll, og som regel er det ingen av oss som har energi til å sitte særleg lenge oppe. Rett før eg sovnar, kjem ho som regel på noko vi har gløymt.

Det er ikkje alle i Sauda som har nokon å prate og le saman med på julafta.

Jula i år blir på mange måtar som i fjor. Restriksjonar. Tiltak. Forbod. Stengde dører. For min del blir likevel alt slik det pleier. Eg har mine tradisjonar, mine juleminner og mine smårollingar med sovehår og pysjamas. Eg kjem til å ha det bra.

Nettopp derfor er denne julehelsinga til deg. Du som vanlegvis finn glede i denne spalta, men som denne gongen ikkje har smilt i det heile tatt.

Du er kanskje ein av ”dei andre” eg har skrive om i dag, som av ein eller fleire grunnar ikkje gler seg, men som tvert imot får ein stor klump i magen av å tenke på jula som nærmar seg.

Då skal du ta imot mi julehelsing. Den er bare til deg.

Powered by Labrador CMS