Ei natt med Ingebjørg Bratland
Norges finaste dialekt? Vest-Telemark.
Dialektar er noko av det kulaste me har i Norge. Ikkje bare fordi talemålet fortel noko om kor i landet me kjem frå. Dialektar handlar i høgste grad også om identitet. Og stereotypiar, på godt og vondt. Ikkje minst kan dialektar framkalla minne – i alle endar av skalaen. Ulike dialektar har også lokale ord som av ulike og ofte heilt forståelege grunnar ikkje har fått plass i normerte skriftspråk.
Det er ikkje utan grunn at mange vestlendingar lett blir mo i knea av dialektar frå det blide sørland». Minne frå barndommens campingturar til Moysand camping, der halve Sauda» lenge ferierte, handlar lett om varme sommardagar, is, bading og lyse, lettkledde og smilande eksemplar av innfødde. Totalt uoppnåelege for ein beskjeden saudabu, samanlikna med dei kule» austlendingar, sjølvsagt. Men likevel.
Austlandsdialektane, spesielt NRK-varianten, var ofte å høyra i leiken også i ei bygd inst i ein sørvestnorsk fjord nokre tiår tilbake. I dag er det lov å snakka dialekt også i statskanalen, og det viser seg at ungar flest klarer seg godt utan bok- og bymål-indoktrineringa min generasjon vaks opp med.
Med dialektar følger forventingar. Dei som bur lengst søraust i Norge seier Hælle måne» og er uføretrygda. Folk nordfrå bannar, er frittalande og har temperament. Møringar er driftige, men gnitne, sørvestlendingar driftige og småreligiøse, bergensarar høgrøysta og trøndarar har skinnvest, drikk heimebrent og har bart, det siste hovudsakleg hos menn.
Mange dialektar hamnar for min del i kategorien sjarmerande». Valle-dialekten, til dømes. Sjølv om han er totalt uforståeleg. Toten-dialekt óg, sikkert på grunn av Vazelina Bilopphøggers. Oppi dalom»-dialektar det same. Gammal ryfylke-dialekt er også sjarmerande delvis på grunn av ord og uttrykk, delvis grunna lynnet til ryfylkingen.
Haugesundsdialekten hamnar meir i nøytralt lende i mitt hovud, men nokon må snart seia til arabarane at radioreklame på haugesundsk ikkje fungerer. Ikkje litt ein gong.
Norges finaste dialekt? Vest-Telemark. Ikkje fordi eg har slektsrøter der, trur eg. Nei, heilt sidan eit tilfeldig møte eg hadde med ein butikktilsett på Joker Haukeligrend i 1988 har eg vore djupt betatt av talemålet der på andre sida av fjellet. Om det er derfor eg liker musikken til Odd Nordstoga, eller om musikken bare har fått meg til å lika dialekten endå betre, veit eg ikkje. Legg du så til klangen i stemmen til Ingebjørg Bratland, ho som under Hver gang vi møtes» til og med fekk partylåten Pinne for landet» frå Freddy Kalas til å lyda som poesi… Uimotståeleg! Tenk å kunna sitta inn i dei seine kveldstimar, nippa til eit glas raudvin og småprata om laust og fast med Ingebjørg Bratland, då! Ikkje er ho dum å sjå til heller, forresten, viss det er lov for ein middelaldrande, gift mann å seia…
Eg kjenner det kitlar i venstre hommelsbotå bare av tanken.