Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Den nye klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, fekk tysdag overrekt Ekstremværrapporten 2023 av Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsdirektør If.
Den nye klima- og miljøministeren, Andreas Bjelland Eriksen, fekk tysdag overrekt Ekstremværrapporten 2023 av Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsdirektør If.

Ein av ti kommunar droppar klimatilpassingar

Publisert Sist oppdatert
Det kjem fram i den ferske ekstremvêrrapporten som er utarbeidd av forsikringsselskapet i If i samarbeid med Cicero (Senter for klimaforskning).

– Vi som folk, som kommunar og som norske selskap må tilpasse oss klimaendringane som allereie skjer. Vi i staten må leggje godt tilrette for at kommunane kan gjere den utruleg viktige jobben, sa miljø- og klimaminister Andreas Bjelland Eriksen då han fekk overrekt rapporten tysdag.

Mangel på økonomi og kompetanse

I rapporten går det fram at dei viktigaste barrierane for kommunane når dei skal drive denne typen arbeid er personalressursar, økonomi, kompetanse og kapasitet. Det går òg fram at det er dei kommunane som har hatt øydeleggingar frå ekstremvêr som prioriterer førebygging høgast.

– Kommunar som har opplevd ekstremvêr forstår risikoen på ein annan måte enn andre kommunar, sa Bjelland Eriksen under ein panelsamtale på lanseringsarrangementet.

I denne samtalen blei det òg løfta fram at samfunnet som heilskap må løfte i flokk for å få klimatilpassing høgare på dagsordenen.

– Kommunane har eit veldig stort ansvar, og det tar dei. Men det er eit rammeverk i botnen som ikkje passar til dei ekstreme hendingane vi no er vitne til. Vi må diskutere kva barrierar vi må fjerne for å bli betre saman. Vi ser at klimatilpassingar ikkje kan løysast med rammeverk og rettleiarar. Vi må ha eit samarbeid på tvers av politiske nivå og sektorar for å bli betre, sa styreleiar Gunn Marit Helgesen i KS under samtalen.

I statsbudsjettet for 2024 har regjeringa sett av 6,4 millionar kroner til klimatilpassing.

– Når vi ser dei øydeleggingane som ekstremvêret påfører oss er det rett og slett for lite, meinte Helgesen.

Fleire tenkjer på klima

Rapporten viser at kommunane i gjennomsnitt ikkje har kome lenger med klimatilpassingsarbeidet enn ved førre rapport som kom i 2020.

Likevel er det langt færre kommunar som ikkje tenkjer på klimatilpassing i arbeidet sitt samanlikna med for tre år sidan.

Undersøkinga som ligg til grunn for rapporten blei sendt ut til alle dei 356 kommunane i Noreg før sommaren. 174 kommunar svarte på undersøkinga.

Powered by Labrador CMS