Storelva i Sauda.
Knut Atle M. Seim.
Elvene treng meir plass i framtida
Klimaendringane gjer at me må førebu oss på meir styrtregn, fleire og større flaumar og fleire skred. Det er difor behov for betre flaumsikring langs elvene. Eit forskingsprosjekt i regi av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sett på løysingar som ikkje går utover naturen eller påverkar miljøet negativt.
Prosjektet har tatt utgangspunkt i Flåmselvi og Aurlandselvi i Aurland kommune, Nausta i Sunnfjord kommune og Storelva i Brekke i Gulen kommune. Dei har konkludert med at ein må bruka ulike flaumsikringsmetodar. Ein metode er restaurering av elver. Det tyder at ein utvidar elveløpet og gjer at elva får meir plass der det er naturleg. Det vil òg vera positivt for miljøet.