Er kommunestyret fritatt for sparing?
Eg er ein av dei tilsette i Sauda kommune som tysdag 28. mars fekk e-post av kommunedirektøren om prosjekt Sauda i balanse 2023». Kommunen må inn i ein kuttprosess for å unngå at kommunen har meir utgifter enn inntekter. Kommunedirektøren skriv i e-posten at me er éin kommune, med éin kommunekasse. Det er ikkje helse sine pengar, teknisk sine pengar eller rådhuset sine pengar. Det er våre pengar! Han ber oss stå saman i denne prosessen me no skal gå gjennom
Eg skal gjere mitt beste for å samarbeide, eg! Rektor, Lars Terje Sandvik, orienterte oss tilsette på Sauda ungdomsskule om kva endringar dette inneber for elevane på vår skule. Han må blant anna få godkjenning frå kommunen om å setje inn vikar i ein klasse når lærar manglar. Ressurslærar i ein klasse vil måtte bli brukt som hovudlærar ved fråvere. Det tyder at ein tar vekk to-lærarar i fleire timar. Elevane får mindre lærartettleik. Kan me protestere? NEI! Det er eit spleiselag og for elevane blir dette konsekvensane.
Kutt får konsekvensar, det er eg klar over, men då eg las Ryfylke 31. mars blei eg sett ut! Dagen etter at me fekk meldinga om spareprosessen, gir kommunestyret 759 000 kroner til Karmsund Lufthavn Invest AS. Er kommunestyrerepresentantane fritatt frå spleiselaget? Kommunedirektøren skriv i e-posten at om nokon vel å ikkje spare, må andre spare meir. Her har fleirtalet i kommunestyret tatt eit val om å ikkje spare, slik eg ser det ! Me andre må spare meir !
Anne Kristine Kanestrøm