Eramet med i stort karbonfangst-prosjekt
Eramet har gått saman med dei største industriaktørane på Haugalandet for å kutte klimagassutslepp.
Alt i januar 2023 startar eit stort prosjekt der dei store industriaktørane på Haugalandet har gått saman. Målet er å kome fram til løysingar som kan sikre karbonfangst og karbonlagring frå utsleppa til industribedriftene.
Det er Equinor, Eramet Norway, Gassco, Hydro, Sintef og Haugaland Næringspark som har gått saman i eit konsortium. Dette er store og tunge industriaktørar som samla slepp ut 1,6 millioner tonn CO2 årleg. Det tilsvarar over seks prosent av Norges samla utslepp frå kvotepliktig sektor i 2021. Fram til nå har den enkelte aktør jobba med løysingar kvar for seg for korleis dei skal redusere utslepp ved sine respektive anlegg, men nå går dei saman for å ta ambisjonane eit steg vidare.
Det å være verdensledende aktører innenfor våre ulike bransjer forplikter: Ved å samarbeide øker våre muligheter for å utvikle kostnadseffektiv infrastruktur for transport og lagring, samt sikre tilgang til gode støtte- og finansieringsordninger for våre løsninger,» seier strategi- og kommunikasjonsdirektør i Eramet Norway, Kåre Bjarte Bjelland i ei pressemelding.
Konsortiumet har fått tildelt prosjektmidlar til CCS Haugalandet frå Gassnovas CLIMIT-DEMO program.
CCS Haugalandet skal utføre ein teknisk-økonomisk analyse av felles infrastruktur for sikker transport og lagring av CO2 frå industrianlegga.
Karbonfangst- og lagring er en sikker og nødvendig løsning for avkarbonisering av industrien. Equinor har med stor suksess fanget og lagret CO2 under havbunnen på Sleipnerfeltet i Nordsjøen siden 1996. Nå gjelder det å finne lokale løsninger, i dette tilfellet hvordan industrien på Haugalandet sammen kan transportere og lagre betydelige mengder CO2,» seier Olav Bådsvik, Equinor direktør for Kårstø prosessanlegg.
I ei pressemelding uttalar industriaktørane at kunnskap om mulegheiter og betingelsar for felles infrastruktur for handtering av CO2 vil også være eit stort fortrinn for å trekke til seg ny industri til regionen med behov for CO2-fangst og lagring for å kunne produsere med låge eller null utslepp. Med utbygging av ny 420kV- kraftlinje fra Blåfalli til Gismarvik, tilgjengeleg gasseksportinfrastruktur og store, regulerte næringsareal i Haugaland Næringspark, har Haugalandet potensial til stor industriell vekst i åra som kjem. Spesielt er regionen ein aktuell stad for produksjon av hydrogen i stor skala både for å dekke innanlands etterspørsel og eksport til Europa.
“Haugalandet bør få på plass infrastruktur for CO2-håndtering. Ikke bare for å avkarbonisere og omstille eksisterande industri, men for å legge enda bedre til rette for morgendagens nye industrietableringar og arbeidsplasser,” seier Tiril Fjeld, dagleg leiar i Haugaland Næringspark i den same pressemedlinga.