Tizirs smelteverk ligg like ved det nedlagte kraftverket Tysso I, som i dag er museum.
Arkivfoto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Eramet-smelteverk til søksmål mot eigedomsskatt
Selskapet Tizir, som eig smelteverket i Tyssedal i Hardanger, saksøker Ullensvang kommune for å spare eigedomsskatt.
Tizir blir dermed eitt i rekka av industriselskap som går til sak for å utfordre grunnlaget for den kommunale eigedomsskatten, skriv Bergens Tidende. Tidlegare har Equinor gått til sak mot Alver kommune for å redusere skatten på Mongstad. Kommunen tapte.
Søksmåla kjem som følgje av ei lovendring som gjorde at verk og bruk», som smelteverket i Tyssedal, blir skattlagd som næringseigedom. Samtidig skal produksjonsutstyr og -installasjonar» ikkje vere ein del av skattegrunnlaget. Det kan gi store utslag på kor mykje skatt kommunane kan ta inn.
Etter lovendringa, har Ullensvang endra metoden for å rekne ut skattegrunnlaget, noko som har medført høgare takst på smelteverket. Dermed gjekk skatterekninga til Tizir opp med 2,4 millionar kroner for 2022.
Tizir er kritisk til både takseringsmetoden og kva som blir rekna med som næringseigedom.
Selskapet er ein del av franske Eramet og hadde 220 tilsette ved førre årsskifte.
(NPK)