NTB/NPK: – Auka innvandring og lågare utvandring bidrog til den høgaste oppgangen sidan første kvartal 2015, sjølv om fruktbarheita var lågare og dødelegheita høgare enn same kvartal i fjor, seier seniorrådgivar Espen Andersen i Statistisk sentralbyrå (SSB).
I første kvartal i år innvandra 14.600 personar til Noreg, 5.300 personar flytta ut av landet, og 11.900 personar døydde.
Færre barn vart fødd
Det vart fødd 12.900 barn, som er det lågaste talet i eit førstekvartal sidan 1997, då SSB byrja med kvartalsstatistikken sin. Til samanlikning vart det fødd 13.700 barn i 2021, 13.000 barn i 2020 og 13.400 i 2019.
Etter at fruktbarheita steig for første gong på tolv år i fjor, er ho no tilbake på eit lågare nivå enn før 2021.
– Det kan sjå ut som at auken i fødslar under pandemien var mellombels, seier Andersen.
Størst nedgang i Oslo og i nord
Det var flest som hadde barn frå før, som fekk barn under pandemien.
– Tala våre viser at det framleis er mange kvinner i denne generasjonen som ventar lenger med å få sitt første barn. Så lenge det ikkje er fleire i fruktbar alder som får det første barnet sitt, vil fruktbarheita truleg halde seg låg også i åra framover, seier han.
Oslo, Nordland og Troms og Finnmark var fylka med den største prosentvise nedgangen i talet på fødslar frå same kvartal i fjor. I Oslo var nedgangen 15 prosent, i Troms og Finnmark 13 prosent og i Nordland gjekk fødselstalet ned med 10 prosent.
Tala må sjåast i samanheng med at desse fylka hadde ein stor oppgang frå 2020 til 2021.
Fleire døydde
Talet på døde steig til 11.900 personar, opp frå 10.100 i første kvartal i fjor. Noko av auken skuldast ei aldrande befolkning, men dødelegheita har auka sjølv om ein tek omsyn til dette.
– Dødelegheita var kunstig låg i 2020 og eit stykke ut i 2021 på grunn av koronatiltaka. No er dei fleste tiltaka borte, og for tredje kvartal på rad var dødelegheita høgare enn på same tid eitt år tidlegare, seier Andersen.
Den største auken frå 2021 var blant menn på 90 år eller eldre. Dette var aldersgruppa der dødelegheita gjekk mest ned under pandemien.
– Dette er ei venta innhenting, seier Andersen.