For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Færre slit kyrkjebenkane. Den norske kyrkja mista 129.000 medlemmer i fjor.
Færre slit kyrkjebenkane. Den norske kyrkja mista 129.000 medlemmer i fjor.

Færre medlemmer i trus- eller livssynssamfunn

Publisert Sist oppdatert
Den norske kyrkja hadde på slutten av fjoråret 3.526.000 medlemmer. Det svarer til 65 prosent av befolkninga. Det var 129.000 færre enn året før.

– Dette er den største nedgangen i medlemmer hos Den norske kyrkja gjennom eitt år vi har målt i denne statistikken som går tilbake til 2005, seier førstekonsulent Andreas Østhus i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Rundt 13 prosent av befolkninga i Noreg, vel 700.000 personar, er medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Det er 20.000 fleire enn året før.

Flest er medlemmer i kristne samfunn, vel 374.000 personar. Deretter kjem muslimske samfunn med 176.000 medlemmer. Nesten 107.000 er medlem i eit livssynssamfunn, dette talet omfattar stort sett medlemmer i Human Etisk Forbund.

Totalt er ein stadig lågare del av befolkninga knytt til eit trus- eller livssynssamfunn.

– Trass oppgangen i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, er medlemsfallet hos Den norske kyrkja stor nok til at delen av befolkninga som tilhøyrer eit trus- eller livssynssamfunn totalt sett fall. Denne delen svarer no til 78 prosent, seier Østhus.

Delen døypte i Den norske kyrkja låg på 48 prosent av dei som vart fødde i 2021. Dette er ein auke frå 2020 då tilsvarande del var 45 prosent.

Powered by Labrador CMS