For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Nyleg blei det observert jervespor mellom Sauda og Maldal. No er det klart at det blir færre store rovdyr i Norge.
Nyleg blei det observert jervespor mellom Sauda og Maldal. No er det klart at det blir færre store rovdyr i Norge.

Færre store rovdyr i Norge

Publisert Sist oppdatert
I vinter vart det påvist tre heilnorske ulvekull i tillegg til seks kull i grenserevira vi deler med naboane våre i aust. Ulvekull som blir fødde i grenserevir, blir talde som eit halvt norsk kull.

– Med denne reknemåten blir det seks kull i Norge, og tre er heilnorske. Det er ein nedgang frå åtte kull året før, men bestanden er på bestandsmålet, fortel leiar Jonas Kindberg i Rovdata.

Det vart også fødd færre jervar, med 45 registrerte kull. Dette er 15 kull færre enn året før. Bestanden er likevel over bestandsmålet på 39 kull.

Gaupebestanden har gått ned med 8,5 familiegrupper sidan førre måling. Før kvotejakta starta, var det 58,5 familiegrupper. Det nasjonale målet er 65 årlege familiegrupper.

Berre bestanden av brunbjørn i Norge aukar. Basert på DNA-prøver vart det dokumentert 175 bjørnar i Noreg. Dette er det høgaste talet målt sidan overvakinga starta i 2009.

– Modellen anslår at det vart fødd mellom fem og femten kull, men at det mest sannsynleg vart fødd ti (9,5) bjørnekull i Norge i 2022. Dette er det høgaste talet kull berekna sidan ein starta med DNA-overvakinga på bjørn, men bestanden er framleis under det nasjonale bestandsmålet på 13 årlege kull, seier Kindberg.

Powered by Labrador CMS