Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Mange kommunalt tilsette opplever arbeidsbelastninga som så tung at dei ikkje orkar å jobbe heiltid, ifølgje Fagforbundet og leiar Mette Nord.
Mange kommunalt tilsette opplever arbeidsbelastninga som så tung at dei ikkje orkar å jobbe heiltid, ifølgje Fagforbundet og leiar Mette Nord.

Fagforbundet: Slitasje og høg belastning tvingar folk til å jobbe deltid

Publisert Sist oppdatert
Ein snau månad før valet ber leiar Mette Nord i Fagforbundet kommunepolitikarane sørgje for styrkt bemanning slik at fleire maktar å stå i jobb.

– Det er på høg tid at vi tek betre vare på helse- og omsorgsarbeidarane våre, sikrar at alle får jobbe heiltid, men også maktar det, seier Nord.

Det er i Fagforbundets siste medlemsundersøking at rundt halvparten av dei som i dag føretrekkjer å jobbe deltid, svarer at dei gjer det av omsyn til eiga helse, arbeidspress og/eller fordi arbeidsbelastninga er for tung til å stå i full stilling.

Rundt 30 prosent av Fagforbundets medlemmer som jobbar i norske kommunar, har deltidsstilling.

Forbundet påpeikar at 7 av 10 i kommunal pleie og omsorg jobbar deltid i dag. Berre 16 prosent av alle helsefagarbeidarstillingar som blir kunngjorde er heiltid. Deltidsarbeid er dessutan vanlegare hos yrkesgrupper med helge- og nattjobbing.

Fleire eldre

– Tilbakemeldinga frå medlemmene mine er at det er vondt som tilsett ute i eldreomsorga å gjere alt ein maktar, men likevel ikkje strekke til. Det er for få tilsette på jobb og dei har for mange arbeidsoppgåver, seier Nord.

Spesielt dei tilsette i helse og oppvekst er hardt ramma av det forbundet omtaler som deltidskrisa ute i kommunane». Deltidstilsette slit med å få bustadlån, har manglande føreseielegheit i kvardagen og dårleg pensjon, påpeikar forbundet.

I rapporten om undersøkinga påpeikar Fagforbundet at det kjem til å bli 250.000 personar som er 80 år eller eldre frå 2020 til 2040. I same periode kjem veksten i tilgjengeleg arbeidskraft til å bli gradvis svakare, før han skal stoppe heilt opp.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) får vi behov for anslagsvis over 50.000 fleire helsearbeidarar i 2040.

– No trengst det fleire heile faste stillingar, betre oppgåvedeling og ei styrkt bemanning. Berre slik sikrar vi dagens og framtidas eldre ein verdig alderdom, og ein betre arbeidskvardag for dei tilsette, seier Nord.

Halvparten av dei som jobbar deltid, rundt 40.000 medlemmer, ønskjer seg større eller heil stilling, ifølgje medlemsundersøkinga.

Rekk ikkje hjelpe

I ein rapport frå Senter for omsorgsforsking som kom i februar, svarer sju av ti tilsette ved norske sjukeheimar at dei ofte opplever at dei ikkje rekk å hjelpe bebuarane med elementære behov som kroppsvask, tannpuss eller ved måltid.

Grunnen er nettopp veldig travle dagar, tilstandar hos pasientane, manglande kompetanse og låg kontinuitet i personalgruppa. Sistnemnde blir forklart av sjukeheimsleiarane med at det er mange deltidstilsette på norske sjukeheimar, mellom anna mange vikarar.

– Fast heiltidsjobb er det beste for den enkelte, men det er også eit gode i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. Høg velferd i framtida er avhengig av at det finst nok arbeidskraft. Då er det også nødvendig at fleire arbeidstakarar kan ha heile stillingar, sa arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap) i samband med fleire lovendringar frå nyttår som skal styrkje moglegheita og retten til heiltidsstilling.

Heiltid er no norma i arbeidslivet, og deltidstilsette får styrkt føreretten til heil stilling.

Powered by Labrador CMS