For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Er du villig til å bruke munnbind i to veker når du er ute blant folk på fritida eller på veg til og frå jobb, så er FHI interessert i å komme i kontakt med deg i samband med ein ny studie. Illustrasjonsfoto.
Er du villig til å bruke munnbind i to veker når du er ute blant folk på fritida eller på veg til og frå jobb, så er FHI interessert i å komme i kontakt med deg i samband med ein ny studie. Illustrasjonsfoto.

FHI søkjer 5.000 munnbindbrukarar

Publisert Sist oppdatert

Mykje tyder på at bruk av munnbind bidreg til å verne mot smittespreiing, men det er framleis stor uvisse om kor effektivt dette vernet eigentleg er.

I byrjinga av pandemien var Folkehelseinstituttet (FHI) skeptiske til om bruk av munnbind hindra koronasmitte, og i motsetning til fleire andre land som var raskt ute med påbod, var Noreg seint ute.

Først i august 2020 kom dei første tilrådingane frå norske helsestyresmakter om å bruke munnbind i enkelte situasjonar.

No vil FHI skaffe seg meir kunnskap om bruk av munnbind og vil setje i gang ein studie der dei treng 5.000 personar som er villige til å bruke munnbind når dei er ute blant folk på fritida og til og frå jobb.

– Alle som er villige til å bruke munnbind i fjorten dagar når dei er ute blant folk, kan bidra, seier Atle Fretheim, leiar for FHIs Senter for forsking på epidemitiltak (CEIR).

Dei som melder seg på, blir delte opp i to grupper. Den eine gruppa skal bruke munnbind, og den andre ikkje. Etter to veker skal alle deltakarane fylle ut eit kort spørjeskjema, mellom anna om symptom på luftvegsinfeksjon.

– Dei siste tre åra er det innført fleire tiltak, ofte på eit tynt kunnskapsgrunnlag, som har stor påverknad på folk og næringsliv. Får vi ein ny pandemi, er det essensielt at vi veit meir om korleis tiltak som munnbindkrav fungerer, seier Fretheim.

(NPK)

Powered by Labrador CMS