For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Byggebransen kan gå tunge tider i møte.
Byggebransen kan gå tunge tider i møte.

Fleire gjekk konkurs i fjor

Publisert Sist oppdatert
– Bedriftene fekk mykje støtte under korona. Mykje har vorte fasa ut no. Det er kanskje ei forklaring på kvifor konkurstala aukar, seier seksjonssjef Erik Fjærli i Statistisk sentralbyrå på byrået sin nettstad.

Totalt var det opna 3 713 konkursar i fjor. Det er 11,7 prosent, eller 388, fleire konkursar enn i 2021. Troms og Finnmark hadde størst auke med 31,3 prosent fleire konkursar. I Oslo var auka i absolutte tal størst, med 75 fleire konkursar. I 4. kvartal 2022 vart det opna 1 006 konkursar. Det var 13,2 prosent fleire enn i same periode året før.

– Samanlikna med tida før pandemien er tala på konkursar framleis lågt. Me må tilbake til 2008 på å finna eit lågare tal, seier Fjærli.

82 prosent av konkursane var føretakskonkursar som omfattar alle føretak unnateke einskildpersonføretak. Størst auke i absolutte tal var det innanfor varehandel og reparasjon av motorvogner, med 115 fleire konkursopningar. Det var flest konkursar i byggje- og anleggsverksemd med 832 konkursar. 673 konkursar gjaldt einskildpersonføretak som òg omfattar personlege konkursar. Det var ein oppgang på seks prosent frå året før. 39 prosent av dei som gjekk konkurs dreiv innanfor byggje- og anleggsverksemd.

Powered by Labrador CMS