For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Ein kan ikkje krevje avgift på kistegravlegging, medan mange kommunar krev ei til dels høg kremasjonsavgift. Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder (KA) meiner styresmaktene no må jamstille dei to gravferdsformene.
Ein kan ikkje krevje avgift på kistegravlegging, medan mange kommunar krev ei til dels høg kremasjonsavgift. Arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder (KA) meiner styresmaktene no må jamstille dei to gravferdsformene.

Fleire nordmenn går opp i røyk

Publisert Sist oppdatert
– Tilstrekkeleg kapasitet til å gravleggje i kiste- og urnegrav er eit lokalt ansvar. Eg merkar meg at enkelte lokale gravplasstyresmakter vel å gje insentiv for å få fleire til å velje kremasjon, som å redusere kremasjonsavgifta, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Nynorsk pressekontor.

Stor kommuneskilnad

Dei siste tjue åra har talet på kremasjonar likevel ikkje gått opp med meir enn 14 prosentpoeng. I 2001 vart 32 prosent av avlidne nordmenn kremerte, medan talet steig til 46 prosent i 2021. Det er framleis langt unna nabolanda våre. I 2019 vart til dømes 85,5 prosent av alle døde danskar kremerte, medan prosenten var 83 i Sverige same år. I Finland var kremasjonsprosenten 58 i 2019, og i Storbritannia 77 prosent.

Maren Andrea Rønning er sekretær i Krematorienettverket og rådgjevar i Norsk foreining for gravplasskultur, der størstedelen av dei lokale gravplasstyresmaktene i landet er medlemar, deriblant Kyrkjeleg fellesråd og kommunar.

– Det er ikkje noko eintydig svar på kvifor det er så store skilnader land i mellom, men både kultur og avstand til krematoria kan spele inn. Per i dag er det 26 krematorium i bruk i Noreg. Me ser ein sakte auke i kremasjonar, og fleire kommunar har etablert minnelundar for urner. Bærum var til dømes tidleg ute med dette, og har lenge hatt den høgaste kremasjonsdelen i landet, fortel Rønning.

Fleire minnelundar

Den første minnelunden i Noreg vart opna på Haslum kirkegård i Bærum i 1997, og ifølgje Gravplassundersøkinga frå 2018 hadde 32 prosent av alle kommunane i landet ein eller fleire minnelundar då.

Det er Statsforvaltaren som er regional gravplasstyresmakt, og oppgåvene for heile landet er samla hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Dei godkjenner rundt 70 nye namna minnelundar i året. Åse Skrøvset, som er fagsjef for gravplass, seier bakgrunnen for at det no blir etablert fleire nye minnelundar, både botnar i eit ynskje frå gravplasstyresmaktene om å gje eit større og meir variert gravtilbod, og at innbyggjarane også spør etter minnelundar som er eit verdig og lettstelt alternativ til kistegraver.

Førebels finst det ikkje ei fullstendig oversikt over kor mange minnelundar me har i Noreg. Ifølgje Carsten Furuseth som er spesialrådgjevar i arbeidsgjevarorganisasjonen for kyrkjelege verksemder (KA) i avdelinga for kyrkjebygg og eigedomsforvaltning, skal omfanget kartleggjast i år:

– Rundt rekna trur eg det no er minnelundar i om lag halvparten av alle kommunane. Me synest det er veldig bra at talet aukar; både for mangfaldet og dei etterlatne sin del, men også fordi fleire kremasjonar reduserer behovet for å utvide gravplassane. Gjennom det tek me også vare på naturmangfaldet. Det er særleg viktig i bykommunar med mange arealbehov, seier Furuseth.

Han understrekar at det sidan 2018 primært er etablert nye namna minnelundar:

– Før var det fleire etterlatne som valde anonym minnelund for å sleppe gravstell. Etter at det vart tilbod om namna minnelund, har færre etterspurt dei anonyme, fortel han.

Fleire døyr

Med ei befolkning som både veks og blir eldre, vil det i seg sjølv medføre behov for eit utvida gravplasstilbod, påpeiker barne- og familieminister Kjersti Toppe:

– Dei neste tiåra vil talet på avlidne auke. Det kan krevje både nytenking og investeringar. For å kunne prøve ut ny teknologi, foreslo departementet ein heimel for forsøk som Stortinget vedtok i fjor, seier ho.

Toppe siktar til Gravplasslova som no opnar for forsøk. Det kan mellom anna søkjast om å prøve ut såkalla vasskremering. Det inneber at den avlidne blir oppløyst i ei blanding av vatn og lut, og at beinrestane deretter blir pulverisert og samla i ei urne.

Lang nedbryting

I tillegg til at kistegraver tek stor plass, har mange gravplassar utfordringar med sjølve nedbrytinga av kister og leivningar grunna jordsmonn eller klimatiske tilhøve. Frå i fjor opna difor gravplassforskrifta også opp for at ein kan stengje gravplassar for kistegravlegging om jordforholda gjer det umogleg å bruke opp att kistegravene. I ei undersøking gjort av KA i 2020, sa 33,3 prosent av dei 219 forvaltningane som svara at dei grunna fysiske forhold ikkje opnar for gjenbruk av kistegraver. Av dei 89,5 prosentane som praktiserer gjenbruk, sa 78 prosent at dei i ulik grad har utfordringar med nedbryting. 57 prosent har difor forlengd fredingstida for kistegraver med opp til 40 år i tillegg til dei vanlege 20 åra, medan 33,3 prosent har lagt om delar av kistegravfelt til urnegraver i namna minnelund.

Avgifta må bort

Ved sida av å redusere plassproblemet, kan kremasjon også vere ei lette for dei pårørande, som må ta mange avgjersler på kort tid:

– Kremasjon gir fleire val med tanke på gravformer og seremoni, i tillegg til at pårørande har 6 månader på å bestemme seg for kva dei vil gjere med urna. Mange har heller ikkje tid eller høve til å stelle ei grav så ofte som dei kunne ønske, og synest det er godt med eit felles gravminne med namneplate for kvar avdød og felles planting. Kanskje er det også ei kulturendring på gang, seier Rønning.

Carsten Furuseth i KA meiner ei av årsakene til at fleire likevel ikkje vel kremasjon, er kremasjonsavgifta mange kommunar krev. Ein kremasjon kostar frå 6.800 til 10.000 kroner avhengig av krematorium, men kor mykje dei etterlatne må betale av dette i avgift, varierer. I somme kommunar må dei betale heile kremeringa, medan dei i andre ikkje betalar noko.

– Ein kan ikkje krevje avgift på kistegravlegging. Det betyr at dei etterlatne ofte får ei større rekning om dei vel kremasjon. KA meiner styresmaktene må jamstille dei to gravferdsformene, slik at økonomi ikkje blir grunn til å velje bort kremasjon, seier Carsten Furuseth.

Kremasjon i Noreg 2021

Kremasjonsprosent/Kremerte utlevert til oskespreiing

  • Alfaset krematorium (Oslo): 75 * 107
  • Stavanger krematorium (Stavanger): 45 * 30
  • Kristiansund krematorium (Kristiansund): 78 * 7
  • Ålesund krematorium (Ålesund): 51 * 12
  • Salten krematorium (Bodø): 44 * 7
  • Narvik krematorium (Narvik): 45 * 2
  • Os krematorium (Halden): 48 * 12
  • Sarpsborg krematorium (Sarpsborg): 56 * 52
  • Drammen krematorium (Drammen): 75 * 70
  • Ringerike krematorium (Ringerike): 75 * 4
  • Haslum krematorium (Bærum): 86 * 52
  • Stalsberghagen krematorium (Lillestrøm): 58 * 60
  • Kongsvinger krematorium (Kongsvinger): 42 * 10
  • Gjøvik krematorium (Gjøvik) 55 * 50
  • Vestfold krematorium IKS (Sandefjord): 59 * 117
  • Skien krematorium (Skien): 38 * 42
  • Rjukan krematorium (Tinn): 44 * 6
  • Oddernes krematorium (Kristiansand): 37 * 43
  • Møllendal krematorium (Bergen) 77 * 88
  • Odda krematorium (Ullensvang): 39 * 7
  • Moholt krematorium (Trondheim) 67 * 55
  • Steinkjer krematorium (Steinkjer) 55 * 3
  • Røros krematorium (Røros): 71 * 4
  • Tromsø krematorium (Tromsø): 44 * 19
  • Harstad krematorium (Harstad): 43 * 8

NB: Statistikken syner berre kor mange som er kremert i krematoriet som høyrer til kommunen krematoriet ligg i. Statistikken er utarbeidd av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

(NPK)

Powered by Labrador CMS