– Det byrjar å bli veldig trongt for folk no. Og dessverre er det også det som er meininga med rentehevingane, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB til NTB.
Torsdag heva Noregs Bank styringsrenta med 0,25 prosentpoeng til 4 prosent. Dermed er renta no på det høgaste nivået sidan oktober 2008.
For kvar million ein har i lån, vil renteutgiftene auke med 2500 kroner i året før skattefrådraget ved kvar renteheving på 0,25 prosentpoeng, såframt bankane følgjer etter.
– Men dei færraste har berre ein million i lån, så på eit lån på fire millionar vil ein, grovt forenkla, måtte ut med cirka 8000 kroner meir i året etter skattefrådrag per 0,25 prosentpoeng, seier Sandmæl.
100.000 kroner i auka renteutgifter
Forbrukarøkonom Thea Olsen i Danske Bank seier at rentehevingane påverkar dei med bustadlån i stor grad.
– Sidan juni i fjor har det vore ein kraftig auke i bustadlånsrenta. På eitt år har eit hushald med fire millionar kroner i bustadlån hatt ein auke på 100.000 kroner berre i rentekostnader, seier ho.
– Gulrota i den andre enden er at prisstigninga forhåpentleg vil stabilisere seg på eit normalt nivå når renta etter kvart får den effekten ho skal ha, seier Olsen.
– Ser at rentehevingane har hatt effekt
Førre veke kom tal som viser at prisstigninga dempa seg i juli til 5,4 prosent. Samtidig skreiv E24 onsdag at tal frå DNB viser at kortbruken hos nordmenn gjekk ned i juli og at dette har halde fram vidare i august.
Noregs Bank varsla torsdag at det truleg blir nok ei renteheving i september. Økonomar ventar at også den blir på 0,25 prosentpoeng.
– Vi ser no på forbruket at rentehevingane og prisstigninga har hatt ein effekt, men ikkje den fulle effekten for at renta stoppar opp rett endå, seier Sandmæl.
Fleire økonomar trur at rentehevinga i september blir den siste i denne omgangen, og at renta så smått kan byrje å senkast i 2024.
– Teikna har byrja å komme på at det kan vere lys i tunnelen, men det er vanskeleg å vite om september blir toppen. No fall prisane i juli og det er eit positivt teikn, seier Sandmæl.
– No har folk også akkurat vore på ein ferie som nok for dei fleste vart dyrare enn planlagt, og som nok gjer at forbruket bremsar litt meir ned. Summen av dette kan forhåpentleg føre til at vi ikkje får fleire rentehevingar etter september, seier ho.
Meir bekymra for mat enn rente
Ei undersøking frå Danske Bank viser at folk er meir bekymra for auka matprisar enn auka rente på bustadlånet.
Ifølgje SSB var matvareprisane i juli 9,2 prosent høgare enn eitt år tidlegare.
– Eg trur forklaringa på at folk er meir bekymra for matprisane enn renta, er at ein ser og møter matprisane kvar dag, medan bustadlånet blir trekt automatisk frå konto ein gong i månaden, seier Thea Olsen.
Ho meiner folk bør sjå på om dei kan få ei betre rente anten hos sin eigen bank eller ved å byte bank.
– I dag, før bankane hevar renta etter Noregs Banks avgjerd, er 5,1 prosent ei god rente, seier ho.
– Mange bekymringar der ute
Sandmæl oppmodar forbrukarane til å ta ein gjennomgang av økonomien for å sjå om ein kan få eit økonomisk pusterom.
– Det er mange høge skuldrer og bekymringar der ute, så det er betre å ta ein gjennomgang av økonomien og sjå kvar ein kan spare inn, enn å gå på ein økonomisk smell.
Ho meiner ein bør starte med det som ikkje vil endre kvardagen, slik som å forhandle på bustadlånsrenta, sjå om ein kan få betre pris på forsikringar, sjå på straumavtale, telefon, TV-abonnement og strøymetenester.
– Start der. Det kan vere akkurat det som trengst for å gi det økonomiske pusterommet, seier ho.