For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det kan vera lurt å læra seg skulevegen før ein startar på skulen.
Det kan vera lurt å læra seg skulevegen før ein startar på skulen.

– Førebu barna på skulevegen i ferien

Publisert Sist oppdatert
Skulestart verkar fjernt for dei fleste. Likevel oppfordrar Trygg Trafikk alle foreldre til å bruke litt av ferien til å øve på skulevegen med dei minste.

Det første du bør gjere er å gå ruta åleine, gjerne på eit tidspunkt der det er litt trafikk, skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Dei oppfordrar foreldre til å gå ruta fleire gongar saman med barnet.

– Forsøk å sjå vegen, omgjevnadane og trafikksituasjonen gjennom auga til barnet og noter deg stader som kan vere farlege. Hugs at barn er små og har eit anna synsfelt. Dei er impulsive og lét seg lett distrahere. Viktigast av alt: dei har inga trafikkforståing. Det betyr at dei ikkje klarar å tolke og føresjå trafikken og farar på same måte som vaksne, fortel Marianne Mittet Solbraa i Trygg Trafikk.

Ho samanliknar det med øvingskøyring der barnet tek meir og meir styring.

Ho oppfordrar likevel til å ikkje gjere det for omfattande, men å legge inn nokre turar i løpet av sommarferien slik at barna kan føle seg trygge gjennom øving og meistring.

Tips frå Trygg Trafikk:

* Gå skulevegen utan barnet i første omgang og kartlegg stadar som kan vere kompliserte eller by på moglege farar.

* Ta dykk godt tid og gå fleire turar saman.

* Prat om det som skjer langs vegen og dei farane som kan oppstå.

* La barnet ta meir og meir styring etter kvart.

Powered by Labrador CMS