Ein annan samanheng der eg kjenner meg gamal, er når eg ser korleis skulebarn har det i dag. Det er annleis å vere skulebarn no, enn det var då eg sjølv var sju år gamal. Den gong stilte vi opp i stram givakt ved sidan av skulepulten kvar morgon, klar for morgonbøn og to salmar, før dagens første skuletime kunne settast i gang. Reknestykke og lekser blei skrivne med kritt på tavla, og matpausen blei starta og avslutta på same måte som sjølve skuledagen, med ærefrykt og folda hender.
I dag blir lekser utlevert digitalt, gjort på Ipad og levert tilbake i Showbie-appen. Element frå ulike fag blir smelta saman i tverrfaglege opplegg som gir ungane innsikt, samanheng og forståing. Då eg var liten, var det stolte augeblikk kvar gong eg kunne gå fram til lærarinna og seie ”No har eg skrive ut heile skriveboka, så eg treng ny.” Ingen visste kva ”tverrfagleg” betydde, og tulla du på skulekjøkkenet, fekk du melding i meldeboka.
Nei, eg er som sagt ikkje gamal. Ikkje endå. Men eg er klar for å bli det. Eg har førebudd meg på alderdomen. Då skal eg dvele, surmule og betale med mynt i butikken. Då skal eg stå klar til å ta snørrungar som kastar snøball på ruta mi. Eg skal hytte med nevane, kjefte og smelle, og eg skal kverulere. ”Ikkje gå på plommeslang hos Isaksen. Han er ikkje riktig klok” skal dei seie, medan eg sit komfortabelt i godstolen med noko godt i glaset og Neil Young på øyrene. Det skal bli ei sann fryd.
P.S. Dette korte sideblikket stod første gong på trykk i 2021, og blir bare meir og meir aktuelt, jo eldre forfattaren blir.