Ingeniør Knut Berg på eventyr i Austerlanda» starta som ein føljetong i Norsk Vekeblad i 1941, og frå 1943 til 1960 vart serien publisert som julehefte. Den gong var forfattaren Hallvard Sandnes, medan Jostein Ragnvald Øvrelid stod bak teikningane. Sidan er fleire av dei eldre hefta komne i ny utgåve, og i 2007 kom det fyrste nye juleheftet. No gjer Fonna Forlag det att, og i år er det Øyvind Lauvdahl frå Misvær som både har teikna og skrive historia. Den går føre seg i vår eiga tid, der prinsesse Aima har gjort eit urovekkjande funn i Antarktis. Forteljinga har referansar til både oljeleiting, Black Panther og Elon Musk.
– Me var kome til vegs ende med opptrykka av den originale forteljinga og måtte avgjere om me skulle halda fram. Det var eit enkelt val. Knut Berg er eit fantastisk univers med romskip, erkefiendar og hemmeleg kvinnestyrte samfunn i Himalaya. Og då Øyvind Lauvdahl takka ja til å skriva heftet, var det ikkje meir å tenkja på. Kvaliteten på arbeidet hans er utruleg, seier forleggjar i Fonna Forlag, Kjartan Helleve.
Forlaget har som føremål å gje ut vekeblad og anna populærlitteratur på nynorsk og dialekt, og gir også ut Vangsgutane. I tillegg har dei nokre utgjevingar på samisk. Det nye heftet om Knut Berg er ein av desse:
– Lauvdahl har ofte innslag av samisk i dei andre teikneseriane sine, og handlinga i dette heftet går føre seg i Sápmi. Me er eit nynorskforlag, og veit litt om det å vera ein språkleg minoritet. Å gje ut Knut Berg både på nynorsk og på nordsamisk er vårt bidrag til eit større språkmangfald i julehefta, seier Helleve.
Salet opp så langt
Narvesen-kjeda har totalt 64 ulike julehefte for sal i år. Kategorisjef i Reitan Convenience Norway, Nina Halvorsen, seier til NPK at salet av dei så langt i år er gått opp med 8,5 prosent målt mot same periode i fjor.
– Svingingar i julehandelen gjer at salet av julehefte varierer frå år til år. Grunna restriksjonane i fjor hadde vi ein nedgang i salet på julehefte på 10 prosent. Men i år har me tru på vekst, seier Halvorsen.
Juleroser og Dunce på nynorsk
Story House Egmont er Noregs største utgjevar av blad, magasin og teikneseriar til barn og vaksne. I år gir dei ut 35 julehefte. Sjefredaktør Kjetil Johnsen seier til NPK at det er klassikarane Stomperud og Knoll og Tott som er dei største. Andre teikneseriar som står sterkt er mellom anna Donald, Asterix og Tommy og Tiger’n. Norske klassikarar som Tuss og Troll og Smørbukk går også framleis bra, og blant hefta for barn er Detektivbyrå nr 2 favoritten.
– I fjor var totalopplaget 1,3 millionar fordelt på 33 julehefte. I år har me 35 hefte og eit opplag på 1,4 millionar. Interessa for julehefte er med andre ord framleis sterk. Ikkje minst har Juleroser ein suveren posisjon blant dei litterære hefta, som har bidrege til å gje sjangeren eit løft, seier Johnsen.
Strand Forlag gir ut sju julehefte dette året, deriblant bestseljaren Pondus.
– Med nokolunde same opplag, så både håper og spår me eit tilnærma likt sal i år som i fjor. Det er mest givande når fleire titlar fenger, så me kryssar fingrane for at både Storefri, Dunce og dei to nye titlane Zelda og Intet nytt fra hjemmefronten fell i smak, seier marknads- og kommunikasjonssjef Henriette Gill.
Ikkje jul utan
I Egmont vedgår sjefredaktør Johnsen at han er ekstra spent på årets sal, og på om høgare prisar på alt frå straum til daglegvarer vil føre til at folk nedprioriterer hyggeprodukt som julehefte:
– Me trur ikkje det. Me trur heller at folk treng å unne seg noko koseleg i jula, og at julehefta står høgt på den lista for mange. Eg tippar salet i år blir på om lag same, gode nivå som i fjor. Julehefta har ein over hundre år lang tradisjon i Noreg – og for mange blir det jo ikkje skikkeleg jul utan julehefte.
(NPK)