Trultemor har draget på både trekkspelet og blokkfløyta.

God, gammaldags julestemning på Bergsbøen

Kor kan du i dag finna barndommens jul med nostalgi, graut, kaker, julemusikk, nissar og julestemning? Jo, då skulle du ha vore hos Signe Handeland på slektsgarden Bergsbøen på Austerheim lørdag ettermiddag.

Publisert

Trafikken oppover Austerheimsvegen minna meg om gamla dagar med store folkemengder for å sjå kjende langrennsløparar med start og innkomst på Wilhelmbøen. Det var dessverre for lite snø til den slags aktivitet nå, og ingen Oddvar Brå eller Gjermund Eggen å sjå i novembervêret av verste sort.

Folk i alle aldrar var altså på veg til Signe Handeland og hennar «grautalag» på låven, eit unikt førjulsarrangement. Då me passerte Løhaugen, fekk me auga på hesten med kjerra full av ungar. Ein hesteinteressert nabobonde, Johannes Herheim, tok seg av skyssen rundt på jordet, og mange blide småungar fekk ei ny, spennande oppleving.

 

Trultemor og musikk

Vel inne på låven møter me nissemor eller «Trultemor» som Signe sjølv titulerer seg, og snart er ho klar med både trekkspel og blokkfløyte, med eit ungt publikum tett på. 

Karl Erik Handeland og døtrene, Ronja og Vilde, skapar julestemning.

Like etter siste tonen på blokkfløyta startar musikken i andre enden av den julepynta låven. Det er Karl Erik Handeland frå nabogarden som «tryllar» julesongar ut av gitaren sin medan døtrene, Ronja og Vilde, syng tekstane. Sjølv ein «lite julete» bestefar kan få julestemning av mindre, til og med i november!

 

Mat og drikke

Nye folk stavrar seg opp «låvabrunå» kor Signe sin sambuar, Christian, sørgar for meir sand og rimeleg bra fotfeste. Graut, saft, kaker og kaffe kjem frå ei tilsynelatande perpetum mobile (evighetsmaskin), og snart blir juletreet forståeleg nok bore inn på låven, og det blir gang rundt treet innandørs.

Grilling av marshmallows er populært, men det var kanskje endå kjekkare med ein tur inn i det store sauehuset kor to lam fekk litt ekstra mjøl av små, ivrige «servitørar.» Det er vel typisk Signe at lamma heiter Solveig og Gudrun?

– Kanskje me skal få oss nokre høner når eg blir pensjonist, ler Signe.

– Men ikkje noko stress, berre for kosen.

 

Kvifor grautalag med meir?

Ein nysgjerrig pensjonist drar heim igjen med fornøgde barnebarn, men vil gjerne vita meir om drivkrafta bak eit så populært gratisarrangement som ikkje eingong er annonsert i lokalavisa, berre så vidt nemnt på Facebook.

Signe har ei spennande forklaring:

– Det var onkel Kristen Handeland, (eldste bror til far Kåre) som dreiv garden her på Bergsbøen saman med tante Torbjørg då eg vaks opp. Eg elska å dra opp her, det bruste i meg då eg sykla oppover vegen, og dei hadde alltid tid til meg, som oftast fekk eg både potetkake og annan bakst. Sjølv med dei finaste søndagskleda måtte eg jo innom hos sauene og grisene, noko eg ikkje hadde lov til. Onkel døydde så altfor tidleg i 1981, og det blei så som så med gardsdrifta etterpå.

 

Signe overtar Bergsbøen

– I 2011 fekk eg overta Bergsbøen som var i ganske dårleg stand, men eg fann mange «skattar» her, gamle ting som alle andre ville hiva. Eg likar å ta vare på ting og pussa dei opp i staden for dagens bruk-og-kast. Alltid spennande å luta av eit gammalt kjøkkenbord eller ein kommode. Eg har aldri klaga, og det er først nå me har fått oss nytt kjøkken og oppvaskmaskin, smiler Signe.

Johannes Herheim har full kontroll på si dyrbare last.

 

Vårbuå eller Litlabuå

Medan mange grunneigarar helst ikkje vil sjå framande på eigedommane sine, ivrar Signe for at folk kjem seg ut på tur, gjerne på stien opp frå Bergsbøen som var i ferd med å gro igjen.

Mange saudabuar har dei siste åra fått eit nytt turmål, Vårbuå eller Litlabuå til Signe, øvst i Rødsliane før du kjem opp på Brekkeheia.

Underteikna veit av erfaring at det er lite lurt å laga sin eigen sti i dette terrenget.

 

 

Målet med arrangementet?

Signe er ikkje som oss andre, ho tar nemleg 60-årsveka for å ha tid til å praktisera sin varme filosofi og lysa opp kvar ein mørk krok for andre.

– Då eg jobba i barnehage, fann eg ut kva som var viktig for ungane. Målet mitt er å få dei vaksne til å senka skuldrene i ei hektisk førjulstid og la ungane få ei oppleving av nostalgi og gammaldags jul. Me må halda fast på at ikkje alt nødvendigvis må kosta pengar. Me må halda julehjarta varmt året rundt, avsluttar Signe.

Forhåpentlegvis er det fleire som har godt av å dvela litt ved Signe Handeland sine refleksjonar.

Powered by Labrador CMS