Tore Ness Øye.
Tore Ness Øye.

Gondolplanane i Svandalen

Vil politikarane vil gå på akkord med konsekvensanalysen som konkluderer med negativt resultat for miljøet og naturmangfaldet etter full utbygging til heilårsdestinasjon, eller kan ein gå for ei meir skånsam utbygging?

Publisert Sist oppdatert

La det vera sagt med ein gong, eg har ingenting prinsipielt mot gondolar. Men sidan eg er lokalkjend i området og varaordføraren har oppmoda til debatt blant anna om gondolplanane, kan eg kanskje koma med nokre tankar, stort sett basert på andre sine meiningar og konklusjonar, om områdeplanen i Svandalen.

I forbindelse med områdeplanen vart der bestilt ein konsekvensanalyse utarbeidt av Rådgivande Biologar AS i 2022. Den er på 47 sider og tar grundig for seg konsekvensane av planlagt utbygging, og konkluderer med at den samla konsekvensen for miljø og naturmangfald er negativ stor. Det står mellom anna at området Botnane til Botnanuten vil få store miljøskadar, det same gjeld Djuvsbotnområdet.

Oppdraget til biologane omhandla berre områdeplanen for Svandalen, men det vil sjølvsagt og påvirka randsona med auka turisme, noko også biologane påpeika i rapporten.

Hustveitvassdraget og Lindvollmyra er vel i den kategorien.

Me er vel nå komne i ei tid der det er meir fokus på natur og miljø. Seinast i desember 2022 samlast mange leiarar frå mange land seg i Canada for å diskutera nye reglar for forvalting av naturen globalt på best mulig måte for miljø og naturmangfald. FNs naturtoppmøte COP15. Dei vart vel i ei viss grad einige om å stara utarbeiding av køyrereglar for å ta betre vare på naturen og naturmangfaldet globalt, umiddelbart, då tida fort går frå ein.

Regjeringa har óg gitt inntrykk av å prioritera natur og miljø ved å støtta miljødepartementet i sin Proposisjon1S 2022-23(306 sider), der det i innleiinga står at dei tre største miljøutfordringane i verda er klimaendringane, tap av natur og forureining.

Spørsmålet er vel då om politikarane vil gå på akkord med konsekvensanalysen som konkluderer med negativt resultat for miljøet og naturmangfaldet etter full utbygging til heilårsdestinasjon, eller om ein kan gå for ei meir skånsam utbygging.

I føre-var prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svaldbarmiljølova står det at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slike skader eller la vere å gjennomføre aktiviteten.

Ser at Ryfylke skriv på leiarplass i nr. 13 at blant anna miljø, friluftsliv og naturmangfald må takast med i vurderinga av det endelege vedtaket for områdeplanen for Svandalen.

Powered by Labrador CMS