For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Illustrasjonsfoto.
Illustrasjonsfoto.

Gonoré spreidde seg kraftig i 2022 – trenden held fram i 2023

Publisert Sist oppdatert

Gonoré-smitten auka mykje dei siste ti åra før pandemien, særleg blant menn som har sex med menn. Koronaen sette ein effektiv brems på spreiinga, men i 2022 byrja sjukdommen å spreie seg igjen i takt med gjenopninga av studiestadene. Då var det særleg unge heteroseksuelle som vart smitta.

– Gonoré er svært smittsamt. No må vi få dei unge til å bruke kondom, seier seniorrådgivar Øivind Nilsen hos Folkehelseinstituttet i ei pressemelding.

Dei fleste som vart melde smitta i 2022, var i aldersgruppa 20–29 år. Nesten 500 kvinner vart melde smitta i fjor, viser tal frå Meldingssystemet for smittsame sjukdommar (MSIS). Det er nesten tidobling dei siste ti åra.

Utviklinga fortset i 2023 med 277 nye tilfelle meldt berre i januar, 116 blant kvinner. Viss denne utviklinga held fram, ligg det an til meir enn 3.000 gonorétilfelle i 2023, ifølgje FHI.

(NPK)

Powered by Labrador CMS