For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Halvparten av befolkninga er bekymra for at hytteutbygging kan true naturen.
Halvparten av befolkninga er bekymra for at hytteutbygging kan true naturen.

Halvparten av oss er bekymra for hyttebygging i naturen

Publisert Sist oppdatert
Undersøkinga er gjennomført av Ipsos på oppdrag frå Norsk Friluftsliv.

Den viser også at det er ein høgare del kvinner enn menn som er bekymra for at hyttebygginga går utover naturen. 58 prosent av kvinnene svarer dei er bekymra, samanlikna med 46 prosent av mennene.

Bekymringa hos folk generelt er størst i Oslo, der heile 66 prosent – to av tre – svarer at dei er bekymra for dette. Til samanlikning svarer 45 prosent det same på Vestlandet, medan 53 prosent er bekymra i Midt-Noreg. Andelen ligg på 54 prosent på Austlandet og 39 prosent i Nord-Noreg.

Norsk Friluftsliv er ikkje overraska over funna.

– Dei siste åra har vi sett ei dramatisk nedbygging av norsk natur. Arealendringar som skogbruk, vegbygging, men også hyttebygging, er alle døme på alvorlege truslar mot naturen. Det å byggje ned heile arealet som er sett av til nye hytter, vil rett og slett vere på kollisjonskurs med dagens natur- og klimamål, seier generalsekretær Bente Lier i Norsk Friluftsliv.

Mange stader i landet er hytteutbygging eit sensitivt samtaleemne, seier Lier.

– Temaet vekkjer mange kjensler, og det kan vere tøft å vere ei tydeleg stemme imot utbyggingsprosjekt der ein sjølv bur. I mange kommunar har hyttebygging vore ei viktig inntektskjelde, men på sikt kan det vise seg at dette har ein høg pris både for naturen og bulysta.

Powered by Labrador CMS