– Handballen treng fleire gutar
Handball er ikkje sporten for dei som ikkje toler ein trøkk. Kaspar og Brynjar er to av tre gutar som spelar handball i 14-årsklassen. Dei skulle gjerne ha vore fleire.
Det er Handballens dag» i Saudahallen. Over to ettermiddagar feirar handballmiljøet i Sauda den gjennomførte sesongen. Då er det godt humør, stort foreldreoppmøte og ein haug med kampar som gjeld. På parketten har Kaspar Fatnes Skaarer (14) akkurat fått ballen frå ein medspelar. Han hoppar kvikt opp for å skyte, men dundrar i golvet idet skotet går av. Forsvarsspelaren stoppa han i denne omgang, og det både ser og høyrast vondt ut.
Like kjapt som han gjekk ned, er Kaspar oppe igjen. Det må jobbast tilbake i forsvar. Han er raskt klar til å hjelpe laget å halde motstandaren unna sitt eige mål. Det er ikkje tid til sutring. Det går hardt føre seg, og det er slik det skal vere.
– Mykje knuffing
Etter kampen møter Ryfylke Kaspar saman med lagkamerat Brynjar Ness (15). Dei to spelar på Sauda sitt jenter 14-lag. Dei er tre gutar på laget, som speler her fordi det ikkje er nok gutar på alderstrinnet til å danne eit eige lag. Under kampar får laget lov til å bruke éin av gutane om gangen. Kaspar synest det er heilt ok å spele saman med jentene, og gjer det klart at det ikkje går særleg snillare føre seg på bana når jentene er motstandarar.
– Nei, det er fint å spele på dette laget, og handballen er ikkje for dei som ikkje toler ein trøkk. Det mykje fysisk, og det er mykje knuffing. Slik skal det vere. Det hadde vore gøy om fleire gutar i Sauda melde seg på, seier han til Ryfylke.
Både Kaspar og Brynjar speler fotball ved sidan av handballen. Dei seier at det er ein viss forskjell på korleis fotballspelarar og handballspelarar reagerer på å få seg ein smell.
– Når ein speler handball kan ein ikkje legge seg ned å rulle og klage over kvar vondt ein får. Då sprett ei opp igjen og jobbar vidare. Eg trur vi er litt sånn i fotballen også, sjølv om det er litt annleis der. Blir eg takla stygt, så sørger eg gjerne for at dommaren ser det, seier Kaspar.
Brynjar er einig i det. Ryfylke spør han kva som er hans største styrkar på handballbana.
– Det er nok hurtigheit og spenst, men eg har også eit godt skot, seier han.
– Korleis er ei typisk trening på laget?
– Det er mykje jobbing, springing, skot og kamptrening. Ein blir ganske sliten, smilar Brynjar.
– God sesong
Handballens dag» rundar av ein sesong som har vore ein opptur for handballgruppa i Sauda Idrettslag. Leiar Kristina Sandanger fortel at sesongen har gitt både gode resultat og fine opplevingar.
– I dag har vi hatt ei felles feiring av sesongen, og då speler vi masse kampar, både på tvers av aldersklassane og ikkje minst mot foreldra. Det er ein dag der alle i fellesskapet rundt handballen blir samla. Sesongen har vore veldig bra. Vi har hatt god rekruttering og gode resultat i fleire klassar. 13-åringane har tatt både andre og tredje plass i si gruppe, medan 14-åringane tok ein tredjeplass, fortel ho.
Det blir blåse hardt i fløyta, og ein velskodd gjeng med foreldre tar plass på parketten. Det provisoriske seniorlaget gjer det raskt klart at det ikkje blir vist nokon nåde, då det første skotet dundrar i veggen ein halv meter over mål.