Har du framleis problem med innlogginga?(Saka er open)
Denne oppskrifta kan hjelpe nokre av dei som har innloggingsproblem på nettsidene til Ryfylke.
Svært mange av våre abonnentar har klart å logge seg inn på våre nettsider og får lest våre artiklar, etter at Ryfylke har gjennomført eit stort systembytte. Men ein del abonnentar klarer ennå ikkje å logge seg inn. Ryfylke beklager dette. Me klarer å hjelpe stadig fleire inn. Men det vil ta tid før me klarer å hjelpe alle. Me takker for tålmodigheita di.
Nokre møter på eit problem der dei får opp vindauge med spørsmål om du alt er abonnent. Etter å ha fylt inn brukarnamn og passord får ein likevel spørsmål om ein er abonnent. Det heile blir ein evig runddans der ein aldri kjem vidare. Ein IT-teknikar har sendt to oppskrifter til Ryfylke på korleis ein kan kome seg ut av denne runddansen.
Alternativ 1 er å opne nettlesaren i inkognitomodus og deretter prøve å logge seg inn:
«For å åpne et inkognitovindu gjør du følgende (kan avvike noe i forhold til hvilken nettleser som blir brukt):
– Trykk på de tre prikkene øverst til høyre i nettleser
– Trykk på nytt inkognitovindu i menyen (se bildet under)
På mobil og nettbrett opnar du "privat nettleser" (Iphone) eller "Slå på hemmelig modus" (Android).
Alternativ 2 er å slette cookies i nettlesaren og deretter prøve å logge seg inn:
For å slette cookies i nettleser gjør du følgende (kan avvike noe i forhold til hvilken nettleser som blir brukt):
– Trykk på de tre prikkene øverst til høyre i nettleser
– Trykk på innstillinger i menyen (se bilde «cookies 1»)
– Trykk på personvern og sikkerhet (se bilde «cookies 2»)
– Trykk på slett nettlesingsdata (se bilde «cookies 3»)
– Trykk deretter på slett data (se bilde «cookies 4»)
Eit tredje alternativ kan vere å laste ned Ryfylke-appen på nytt og prøve å logge inn.