Harald O. Løland.
Harald O. Løland.

Harald (86) har bygd sitt eige museum

Da Harald Løland let andre overta garden sin på Bjerga ved Hylsfjorden, fekk han litt for god tid. Nokre år seinare hadde han eit fullt utstyrt museumsbygg.

Publisert Sist oppdatert

På Bjerga ved Hylsfjorden har 86 år gamle Harald Løland levd heile sitt liv. Solvendt og idyllisk plassert innerst på Bjerga har garden brødfødd mange, for Harald var yngst i ein søskenflokk på ni. Garden på Bjerga har hatt gode ressursar.

– Me har klart oss bra. Eg har hatt ein god oppvekst på Bjerga, men det blei aldri til at eg stifta familie, seier Harald Løland.

Sjølv om han ikkje var odelsgut blei han likevel buande på garden. Etter kvart var det han som overtok og dreiv garden i godt vaksen alder.

Museet er todelt, med løe i den eine delen.
Harald Løland meiner det er viktig å ta vare på kulturarva. Derfor har han sett opp sitt eige museumsbygg med gardshistorikk.

Rundt år 2000 overtok andre gardsdrifta, men han fortsette å bu på garden i kårbustaden. Der bur også søstera hans Borghild, som nå har passert 90 år.

– Eg har vore ein slags dreng her etterpå, smiler Harald.

86-åringen er ein aktiv kar og som framleis startar dagen tidleg. Da journalisten ville avtale eit intervju, hadde han ikkje tid før ”utpå ettermiddagen”. Intervjuavtalen blei derfor klokka 13.

– Eg startar dagen klokka seks om morgonen, opplyser han.

Men som pensjonist måtte Harald ha noko å gjere. Han begynte derfor å bygge eit eige museumsbygg på nær 200 kvadratmeter. Prosjektet med å lage til eit museum tok fleire år. Deretter bygde han eit eldhus på utsida av museumsbygget sitt.

– Gardane hadde eit eige eldhus før. Det var der matproduksjonen skjedde. Også på Bjerga hadde me det, men det var større enn eldhuset eg har bygd, opplyser han.

Også eit gamalt eldhus er bygd ved museumsbygget.

Tar vare på historia

For det er gardsdrift i gamle dagar Harald Løland ønsker å ta vare på og vise fram i sitt private museum. Museet er todelt. Den første delen er løa, der utstyret som blei brukt ute er stilt ut. Her finn ein gamalt produksjonsutstyr som var nødvendig for å drifte ein gard. Deretter har han bygd ei stove, kjøkken og soverom. Romma er fullt innreia med møblar, utstyr og inventar slik gardshusa såg ut før. Ein del er opp mot 200 år gamalt.

Innholdsrikt skap i museumsstova.

– Eg synest det er viktig å ta vare på dette. Viss ikkje går det tapt, seier han.

Han viser fram ulike formar for kjøkkenutstyr og forklarer kva matproduksjon det blei brukt til. I ei rikhaldig utstyrt stove viser han også fram sine gamle skulebøker, framleis med bokpapiret på.

– Me brukte julepapir som bokpapir.

I bøkene står det Harald O. Løland.

– Eg la til ein O i namnet slik at folk kan skille oss.

Når eit halvt dusin mannfolk skal ha same namnet innafor eit lite geografisk område er det ikkje enkelt å vere postbud.

Har mange på besøk

Harald har aldri marknadsført at han har sitt private museum, men rykta har likevel spreidd seg. Det har ført til at mange historieinteresserte har tatt kontakt med han. For gjesteboka som ligg i stova på museet inneheld mange namn.

– Du må skrive deg inn i gjesteboka, får journalisten beskjed om.

Stova i museet er innhaldsrik. Ei svært gamal lysekrone frå Løland er tatt vare på.
Gamle kister med rosemaling.

Både sogelag og turlag har kontakta han og spurt om å kome på besøk. 86-åringen forklarer villig vekk korleis gardslivet fungerte før, samtidig som han viser fram ulike reiskap, verktøy, inventar og det ein heim ellers hadde behov for.

– Ein del av dette er frå gardsdrifta på Bjerga, men ein del har eg også kjøpt på ulike auksjonar i nabokommunane.

Alt er svært godt organisert og alt er veldig ryddig.

– Du er ein nøye kar?

– Eg liker å ha det fint rundt meg!

Blomsterrik hage

At Harald Løland liker å ha det fint rundt seg er det ingen tvil om. På utsida av kårbustaden er det som ein liten velhalden botanisk hage. Store buskar og planter står i full blomst. Særleg er han glad i fuksia og skaugum.

Harald Løland legg ned tid og krefter i hagen.

Da journalisten påpeiker den høge kvaliteten på listverket inne i museumsbygget, opplyser Løland at han ser på seg sjølv som ein fagmann.

– Er du utdanna snikkar eller sjølvlært?

– Det er sjølvlært, men eg har snikra svært mykje opp gjennom livet. Eg har tatt på meg mange snikkarjobbar ulike stader.

Men mykje av livet til Harald Løland har handla om nærområdet, for gjennom ein stor del av livet hans var Hylsstronda-området utan vegforbindelse til omverda.

– Men me hadde veg frå Bjerga til Vanvik. Eg gjekk til fots til skulen i Vanvik. Delar av partiet sprang eg. Eg var sprek da, men det tok éin time kvar veg.

På veg tilbake til bilen går journalisten og 86-åringen forbi ein traktor som står parkert ved garden.

– Kva tid slutta du å kjøre traktor?

– Slutta? Det der er traktoren min det!

Powered by Labrador CMS