22. desember blei det klart at staten kuttar 2,2 milliardar i overføringane til norske kraftkommunar. Fleire ordførarar er i harnisk over overføringsendringa.
Geir Olsen / NTB
– Her trur eg nokon har røykt sokkane sine på julebordet inne i Oslo
– Det er rett og rimeleg at desse gir noko av meirinntektene tilbake til fellesskapet, forklarte kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) då framlegget til endringar blei lagt fram.
Inntektene til kraftkommunane var 4 milliardar i 2021. Til samanlikning viser utrekningar at dei ligg an til 13 milliardar i 2022 og 11 milliardar i år.
– Her er noko riv ruskande gale, seier ordførar i Voss herad, Hans Erik Ringkjøb (Ap) til NRK.
Roy Egil Stadheim (Ap) er ordførar i Vik kommune, som neste år får halvert rammetilskotet sitt (frå 118 til 69 millionar kroner).
– Her trur eg nokon har røykt sokkane sine på julebordet inne i Oslo, seier han til Sogn Avis.
NRK har vore i kontakt med ordførarar i eit titals typiske kraftkommunar».
– Eg er samd med Roy Egil, men ville ordlagt meg litt annleis, seier ordførar i Kvinnherad, Hilde Enstad (Ap).
Ordførar i Masfjorden kommune, Karstein Jon Totland (H), meiner kollegaen i Sogn ikkje tek hardt nok i:
– Eg forstår kva Roy Egil seier. Men her har politikarane i Oslo røykt meir enn berre sokkane sine, seier han til rikskringkastaren.
KS-direktør Helge Eide seier han har registrert til dels kraftige reaksjonar» ute i Kommune-Noreg og spør seg om grunnlaget for trekket er godt nok forma ut.
Ap-leiinga ved Jonas Gahr Støre og Kjersti Stenseng har varsla at dei vil møte ordførarane 16. januar.
(NPK)