Herbert (90) har truleg landets største Hortensia: – Fóra med rustne spikrar
Historia om det som truleg er landets største Hortensia, startar ved ein tilfeldigheit, i det tidlegare Jugoslavia, på åttitalet.
Køyrer ein langs Saudavegen og passerer hagen til Herbert og Irene Rafdal i Sandvika, er det i desse dagar umuleg å ikkje la seg fascinere av den knallblå Hortensiaen som mildt sagt er storvaksen både i høgde og omkrets. Med åtte-ni meter i lengde og omlag fem meter i breidde, er den etter alt å døme landets største i sitt slag. Det meiner i alle fall fagfolka frå Hageland i Ølen, som tidlegare denne månaden besøkte ekteparets hage, og delte opplevinga på Facebook.
Då Ryfylke besøker Herbert og Irene Rafdal eit par veker seinare, er Hortensiaen framleisi full blom, og blåfargen frå dei hundre- og tusenvis av blomane er spektakulær. Her, i enden av ei velstelt grasplen i hagen, blei to små Hortensia-stiklingar sett i jorda ein gong tidleg på åttitalet. Den eine var blå, mens den andre var rosa.
– Den rosa var det Herbert som plukka frå ei potte vi tilfeldigvis fekk auge på då vi var på ferie i Jugoslavia ein gong mellom 1980 og 1985. Så blei den planta i enden av plenen. Litt lenger borte i hagen planta vi ein blå stikling omtrent på same tid. Den kom frå Husnes. Dei to plantane grodde med tida saman til éin, og i dag er vi neimen ikkje sikker på kva som er kva. Den har i alle fall vakse enormt, fortel Irene Rafdal.
Mange slag
Både Irene og Herbert har sin yrkesbakgrunn frå smelteverket, og dei er begge glade i å ta i eit tak når hagen skal stellast. Arbeidsfordelinga har vore relativt enkel. Plenklippinga har Irene tatt seg av, mens Herbert har stått for klipping og stell av busker og tre.
– Om sommaren pleier vi å sitte og kose oss ute, og så tar vi litt stell når vi har lyst til det. Vi er pensjonistar, så vi har det ikkje travelt. Det er eit hyggeleg arbeid, og når vêret er fint, er vi mykje her ute, fortel Herbert, og tar oss med på ein spasertur i hagen, som har mange detaljar som helst hageentusiastar legg merke til. Det er fleire typar tre, som Blodlønn, plommetre, Rododendron, Azalea, fargerike Phlox og høgreiste rosebuskar.
– Vi har også nokre gode bringebær- og solbærbuskar som vi får masser av gode bær frå. Vi skal vente litt til før vi plukkar solbæra, for vi liker dei best når dei er godt modne, fortel han vidare.
Rustne spikrar
Grøne fingrar er som kjent ikkje noko alle har, men i hagen til ekteparet Rafdal er det påfallande god vekst i alt som er grønt. Herbert fortel at det først og fremst handlar om god jord og gjødsel. Den blå Hortensiaen, som har vakse seg rekordstor, har dessutan fått ein veldig spesiell ingrediens i jorda den veks i.
– Eg har brukt skikkeleg hønsegjødsel, og det trur eg har hatt mykje å seie for alle plantar og buskar vi har. Ikkje noko blandingsgreier, men rein, skikkeleg hønsegjødsel. Hortensiaen har også godt av litt jernrik jord, så der har vi gitt planten ei bøtte med rustne spikrar, fortel Herbert til Ryfylke.
– Eit lite grep
Opp gjennom åra har Herbert grove fram nye stiklingar til vener og familie, og i ein nabohage like ved, er to nye, knallblå Hortensiaer på veg til å vekse seg enorme, på same måte som opphavet.
Trass sine 90 år, er det god fart i beina til Herbert Rafdal når han tar ein runde i hagen og nappar av slitne blomar for å hjelpe fram nye, friske skot.
– Det er bare lystbetont, og slik vil vi at det skal halde fram. Stell av hagen er ein hobby eg har hatt lenge, men det er klart at vi merker at vi blir eldre, så no har vi tatt eit lite grep, nemleg å skaffe oss ein robotklippar til plenen, smilar Herbert, før han søker ly for regnet på denne litt for typiske, grå julidagen i Sauda.