Tre personar omkom i drukningsulykker i oktober, medan tilsvarande tal i fjor var seks. Dei tre drukningsulykkene i oktober i år skjedde etter fall frå land.
– Det er positivt med ein nedgang i oktober i år, men tre ulykker er uansett tre ulykker for mange, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.
Ingen av månadene hittil i år har hatt fleire omkomne i drukning enn i fjor.
Totalt mista 95 personar livet i drukning i 2024, medan 79 personar drukna i 2023.
Sidan Redningsselskapet byrja å føre statistikken i 2017, er det lågaste talet på drukningar i Noreg frå koronaåret 2021, då 75 omkom.
Tilgjengeleg statistikk viser at det lågaste totaltalet for drukningar på eitt år, er 2012, då 61 personar drukna. I år kan bli lågare enn det.
Redningsselskapet åtvarar om at det kan vere både sleipt og isete rundt sjø og vatn på seinhausten og tidleg på vinteren.
– Då er det ekstra viktig å passe godt på seg sjølv, både når ein går langs bryggekanten etter julebordet eller skal fjerne snø frå båten, seier Krangnes.