Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Auka prisar på mat er blant det som fører til prisvekst.
Auka prisar på mat er blant det som fører til prisvekst.

Høgaste prisvekst sidan 1988

Publisert Sist oppdatert
Konsumprisindeksen (KPI) steig 6,9 prosent dei siste tolv månadene, som er meir enn økonomane venta. Ikkje sidan juni 1988 har tolvmånadersveksten vore høgare.

Dette er 0,4 prosentpoeng opp frå tolvmånadersveksten i august. Frå august til september 2022 steig KPI 1,4 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Prisane på matvarer er den viktigaste årsaka til oppgangen i tolvmånadersveksten i KPI i september.

Det var venta ein prisvekts på 6,2 prosent, skriv E24 og viser til tal frå Bloomberg.

Høgaste vekst sidan 1988

– Prisveksten held fram med å vere høg og aukar igjen etter ein viss nedgang i august. Vi må tilbake til juni 1988 for å finne høgare tolvmånadersvekst, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB.

Kjerneinflasjonen (KPI-JAE), som er prisveksten utan energi og avgiftsendringar, enda på rekordhøge 5,3 prosent i september, opp frå 4,7 i august.

SSB har aldri målt høgare vekst i kjerneinflasjonen sidan dei byrja målingane sine av denne i 2001.

– Auka sjanse for større rentehevingar

Styringsrenta ligg no på 2,25 prosent etter at Noregs Bank for tredje gong på rad slo til med dobbel renteheving i september. Sentralbanken anslo samtidig at styringsrenta aukar til 3 prosent i vinter.

Talet måndag er vesentleg høgare enn både det økonomane og Noregs Bank hadde venta på førehand, noko som aukar sjansen for større rentehevingar frå sentralbanken, slår DNB Markets» seniorøkonom Kyrre Aamdal fast.

– Men det er framleis usikkert om renta aukar 0,5 eller 0,75 prosentpoeng på neste møte, seier Aamdal til Dagens Næringsliv.

Nordea trur sentralbanken set opp styringsrenta 0,25 prosentpoeng i november og desember, men framleis auka kjerneinflasjon kan føre til endå ei dobbel renteheving før året er omme, seier sjeføkonom Dane Cekov.

Kjerneinflasjonen vil halde fram med å auke til 5,5 i månadene som kjem, meiner han.

Uvanleg få varer med prisnedgang

– Dei fleste varer og tenester går opp i pris, og mange av dei går i tillegg opp meir enn før. Det er uvanleg få varer og tenester som går ned i pris og dempar prisveksten, seier Kristiansen.

Oppgangen i tolvmånadersveksten kjem av ein sterkare vekst i prisane på mellom anna matvarer, klede og bøker den siste månaden samanlikna med veksten i same periode i fjor.

Vanlegvis går matvareprisane ned frå august til september, men i år var prisane uendra. Det gjer at tolvmånadersveksten i matprisane gjekk opp frå 10,1 prosent i august til 11,9 prosent i september, den høgaste prisveksten på mat sidan 80-talet.

Straum og drivstoff aukar framleis

Prisane på straum og drivstoff er framleis høge.

Frå august til september steig prisane på elektrisitet inkludert nettleige med 10,5 prosent. Sidan september 2021 har prisane dermed stige med 16,7 prosent.

Prisane på drivstoff og smørjemiddel gjekk opp 1,5 prosent frå august til september, etter eit fall månaden før. Bensinprisane gjekk ned 0,5 prosent, medan dieselprisane gjekk opp 3,0 prosent. Prisane på drivstoff og smørjemiddel var 32,9 prosent høgare i september enn i same månad i fjor.

Også husleigene har auka meir enn vanleg dei siste månadene.

Powered by Labrador CMS