Styremedlem i Rogaland Høgre, Modolf Haraldseid, meiner Erna Solberg bær tre til side medan avsløringane om aksjehandlane til ektemannen og hennar eigen habilitet blir greidd ut og etterforska.
NPK
Høgre-topp i Rogaland meiner Solberg bør tre til side
– Eg meiner at sentralstyret bør frita Erna Solberg for politiske verv i Høgre inntil saka er tilstrekkeleg klargjort av kontroll- og konstitusjonskomiteen og eventuelt Økokrim, seier Haraldseid til
Stavanger Aftenblad.
Han er medlem i arbeidsutvalet i Rogaland Høgre. I januar møtte han som vara på Stortinget og vart då brått tildelt rolla som justispolitisk talsperson for partiet. Han uttrykkjer tillit til Solberg, men seier at fokuset som er retta mot henne no, ikkje er til gagn for partiet.
Andre nestleiar i Høgre, Tina Bru, svarer til avisa at det er naturleg med ulike meiningar internt i partiet.
– Det er heilt naturleg at det er litt ulike meiningar i partiet om korleis dette skal handterast framover, men det viktigaste no er at det blir vist openheit og at uavklarte spørsmål blir svart på, seier Bru.