Her på Bygdøy i Oslo skal ein leite for å finne bustadar som kostar mindre enn 10 millionar kroner.
Heiko Junge / NTB/ NPK
Huseierne fryktar høgare bustadskatt vil ramme vanlege folk
I budsjettet for 2023 som SV og regjeringa la fram tysdag, legg dei opp til at folk med dyre primærbustader skal betale meir i formuesskatt. Forbrukarsjef i Huseierne Carsten Pihl undrar seg over skatteauken.
– Det rammar ganske mange vanlege folk, så vi synest det er ein litt rar måte å skattleggje på, seier Pihl til NRK.
Han seier at dei såkalla dyre bustadene er ganske vanlege bustader i Oslo og området rundt.
– Så ein treffar rett og slett dei som i dag har det tøft, som må betale auka straumprisar og kommunale avgifter. Det trur vi kanskje ikkje var hensikta med regjeringa, seier Pihl.
Leer Carl Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund er samd og meiner endringa spesielt vil gå ut over vanlege folk i pressområde fordi bustadverdiane har auka. SV har definert dyre bustader som bustader som kostar 10 millionar kroner eller meir.
Endringa regjeringa har vorte samd med SV om, gjer at bustadverdien over 10 millionar blir verdsette til 70 prosent, mot 50 prosent i dag. Dermed vil ein bustad med ein verdi på 15 millionar få ein formuesverdi på 6 millionar kroner – 25 prosent av 10 millionar pluss 70 prosent av 5 millionar.
Dette grepet gjer at eigarar av dyre bustader må ut med meir i formuesskatt enn i dag.
(NPK)