I all enkelheit
Alt blir enklare og enklare om dagen. Alt ifrå tv-titting til sending av pakkar, pastakoking og bestilling av time hos fastlegen. Absolutt alt er tilsynelatande blitt enklare.
Ein kan sjølvsagt argumentere at dersom ein ikkje innehar eit minstenivå av innsikt i bruk av smarttelefon, vil ein etter alt å døme vere fortapt i vår stadig enklare kvardag. Eg var i Haugesund for ikkje lenge sidan, der eg skulle ta eit MR-bilde av eit kne. Heile seansen tar omlag et kvarter, og rutinert som eg er, var eg førebudd på å bruke minst ein halvtime til å leite etter parkering i nærleiken, ein aktivitet som forøvrig må ha vore vesentleg enklare før i tida.
Eg fann overraskande raskt plass. Sju-åtte prakteksemplar av nokre parkeringsplassar smilte som englar med opne armar mot meg, berre eit steinkast frå klinikken. Det var eit praktfullt syn. Kunne det verkeleg vere så enkelt? Sjølvsagt ikkje.
Eg parkerte på plassen som var nærast betalingsautomaten, og fann fram bankkortet. Myntar er sjølvsagt ikkje akseptabel betaling lenger, det er eg innforstått med. Men eg blei rimeleg paff då heller ikkje kortbetaling var godt nok. Nei, her skulle det lastast ned ein app. Ein app som i all beskjedenheit bare kravde at eg gjekk gjennom ei beskjeden registrering av alt frå namn og adresse til slaktevekt, skostorleik og registreringsnummer på alle eigde kjøretøy. Ein app som eg skulle få glede av kvar gong eg skulle tilbake til Haugesund for å ta bilde av ein eller annan kroppsdel. Så lurt. Så enkelt.
Eg stod der i godt og vel eit kvarter før registreringa var komplett, bare for å få heile greia kvikt returnert med beskjed om at det hadde oppstått ein ”ukjent feil” i registreringa. Den ukjente feilen gjentok seg fleire gonger, til eg til måtte gi opp før motlausheita, raseriet og gråten tok meg.
Ja, eg var faktisk så sint. Der sto eg ved sju-åtte ledige parkeringsplassar, tjue meter frå inngangsdøra, og måtte sette meg tilbake i bilen og køyre vekk for å leite etter parkering ein annan stad. Det var alt anna enn enkelt.
Nokre enkle og greie nyheiter frå den store verda har eg fått med meg. Her er nokre av dei:
* Dagbladet har denne veka publisert ei rekke gode artiklar om tema som opptar folk flest. Eit par eksemplar er artiklane ”Kjent ansikt dukket opp i toasten”, ”Lege med sjokkavsløring om promp” og min favoritt denne veka, ”Svarer etter bikinilinje-kritikk”.
* Denne veka vil for alltid bli ståande som eit skammens kapittel, ein svart og illevarslande flekk av flauheit på underhaldningsnorge sin skjortekrage. Eg snakkar sjølvsagt om at influensar Jørgine Vasstrand ikkje vann finalen i ”Skal vi danse”, slik ho hadde sett for seg. Vasstrand meiner sjølv at det fryktelege nederlaget blei påført ho berre fordi ho er kvinne. Ho passar samtidig på å vere så politisk korrekt at ho understreker at dette sjølvsagt ikkje handlar om at motstandar Cengiz Al ikkje fortente å vinne. Bare at det var ho som skulle vinne, og ikkje han, sidan han er mann og ho er kvinne. Elles blir det diskriminerande. Er det rart det blir krig i verda?
* Ein thailandsk matbloggar risikerer fengsel etter å ha lagt ut ein video der ho supar i seg suppe med flaggermus oppi. Eg har hørt at slik suppe er kriminelt godt.
* Nettstaden SeHer.no har denne veka gjort ei oppsiktsvekkande oppdaging. Hugsar du dei skumle tvillingjentene i filmen ”The shining ” frå 1980? Dei med lyseblå kjolar? Vel, SeHer.no røper no at dei to jentene ikkje er til å kjenne igjen. Ikkje for å spolere entusiasmen, men tvillingjentene er tross alt blitt 54 år gamle.
* I Bergen fortel BT denne veka om byens lengste rulletrapper, som tar passasjerane ned til ein flunkande ny haldeplass for sjølvaste Bybanen. Desse rulletrappene er sannsynlegvis dei einaste i verda som går fortare enn jernbana dei fører ned til. Det er jo litt tøft.