For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

1 av 10 har planar om å spare pengar ved å redusere talet på gjester i juleselskapa.
1 av 10 har planar om å spare pengar ved å redusere talet på gjester i juleselskapa.

Inviterer færre julegjester for å spare pengar

Publisert Sist oppdatert

Prisvekst, høge straumprisar og stigande rente gjer at fleire har dårlegare råd. Ei fersk undersøking gjort av YouGov for MatPrat viser at 1 av 5 no ynskjer å spare pengar på julematen. 6 av 10 svarer at den viktigaste årsak til matsvinn i jula, er at dei sjølv lagar alt for mykje mat. 34 prosent vil dessutan spare inn på julegåvene og 28 på straum og varme. 1 av 10 har planar om å spare pengar ved å redusere talet på gjester i juleselskapa.

– Det er sjølvsagt trist, men forståeleg, at fleire ønskjer å spare ved å ha færre gjester, særleg om ein ser det i samband med at 10 prosent svarar at dei ikkje gler seg til julefeiringa. Det er godt mogleg å få julematen til å strekke lenger, viss ein bruker opp alt og er litt smart, seier Marta Ravnsborg, matfagleg rådgivar i MatPrat, i ei pressemelding.

Rydd frysaren

Ho seier nøkkelen til å utnytte maten best mogleg og spare pengar, er planlegging. Ravnsborg rår oss til å kjøpe råvarer i større pakningar, og alltid tenkje på korleis me skal bruke det som er att. Ho seier det også kan vere lurt å rydde frysaren før jul og bruke opp maten i dagane før. Du treng heller ikkje å kjøpe fulle middagar til kvar dag i jula, om du tek vare på restar. Då er det også viktig å undersøkje korleis du best kan oppbevare ulike rettar og råvarer:

– Hugs at du ikkje treng å handle inn all maten fram til nyttår før julaftan. Butikkane er opne også i romjula. Julematen er heller ikkje så dyr mat, men det er gjerne kosen ved sida av som kostar. Tenk difor smart rundt tilbehøyret og drikka, seier ho.

(NPK)

Powered by Labrador CMS