Iver (23) og Nora (23) driv gard på Risvold: – Ville ikkje byta mot noko anna
Når Iver Kvaløy (23) ikkje jobbar i foreldra si bedrift på Sand, er han eggbonde med ansvar for 7 500 høner. Den jobben gjer han med både glede og nøyaktigheit.
– Korleis høner er å jobbe med? Vel, dei er ganske eigenrådige. Dei fleste hønene veit korleis dei føretrekk å ha det. Om det er noko som ikkje stemmer, eller dei er misfornøgde, så er dei ganske tydelege på kva dei synest. Då samlar dei seg gjerne i grupper, eller legg egga sine på feil plass. Dei er ganske sære dyr, fortel 23-åringen Iver Kvaløy.
Iver er inne i sitt andre år som eigar av garden på Risvold. Det er ein kvardag med eggsanking, kontroll, sortering og pakking. Og tilsyn. Og reinhald. Og rekneskap. Og ein 80 prosents jobb på Sand Servicesenter, som foreldra Britt June Risvold og Jarle Kvaløy kjøpte for to års tid sidan.
– Korleis får du dagane til å gå opp?
– Først og fremst er det jo slik at eg trivst med dette. Det er kjekt å drive gard. Så er det også ein fordel at eg arbeider i foreldra mine sin butikk, slik at arbeidstidene er litt fleksible. Då får eg tatt hand om ting som hastar litt på garden om det er nødvendig. Kvar onsdag har eg full dag på garden, fortel han.
– Veldig viktig for oss
Ryfylke møter Iver Kvaløy på Risvold gard. Då vi har parkert på tunet, kjem han ut frå mormor Anne Marit Mong Aalvik sitt hus med ei kaffikanne i handa. Hakk i hæl kjem mormor med ei skål med sjokolade. Huset til mormor og morfar Knut Risvold Aalvik ligg nokre meter frå huset som Iver og sambuaren Nora Fosstveit bur i. Det har sine fordelar.
– Besteforeldra mine har vore veldig viktig for oss, og ekstra viktige når foreldra mine ikkje bur her på garden lengre. Mormor er avløysar i hønsehuset, og ho er både nøyaktig og nøye med arbeidet. Det er godt å ha dei så nære, for dei har rutine med dette, og mykje å lære frå seg, fortel Iver, medan vi set oss ned på gardskontoret.
Mange saudabuar kjenner garden frå bilvindauge-perspektivet. Den sjølvbetente gardsbutikken er godt besøkt, og for å handle der, må ein køyre tvers gjennom gardstunet. På venstre hand ligg huset til Anne Marit og Knut. Det er velstelt og ryddig i hagen, med frodige blomsterbed og dekorasjonar.
– Nøye med arbeidet
På høgre hand ligg Iver og Nora sin kvite bustad. Dei kjøpte dette huset og resten av garden av foreldra til Iver i 2022. Det første han gjorde var å investere meir enn tre millionar kroner i nødvendig oppgradering av hønsehuset. Då var Iver 21 år gamal.
– Kva tankar gjorde de dykk då de tok avgjerda om å kjøpe heile garden?
– Eg hadde gått på villmarkslinja på Sauda vidaregåande skule, og jobba så i to års tid i Aartun Transport, der eg køyrte maskin inne på smelteverksområdet. Men eg var usikker på kva eg skulle gjere vidare. Eg har eigentleg alltid visst med meg sjølv at eg ein gong skulle overta garden, men det passa så bra, så det blei litt tidlegare enn eg hadde sett føre meg, ler han.
– Det er eit stort ansvar for ein ung mann å ta på seg?
– Ja, det er både meir jobb og meir ansvar enn eg hadde forventa. Men det er også enormt kjekt, og eg har ikkje angra på noko tidspunkt. Eg ville ikkje byta mot noko anna, det er heilt sikkert.
– Korleis er ein heilt vanleg føremiddag med gardsarbeid?
– Då står eg opp klokka sju, og…
– Klokka sju? Står ikkje alle bønder opp umenneskeleg tidleg?
– Vel, nei, det er eigentleg ikkje nødvendig når ein driv med høns. Men eg startar no uansett i den tida for å rekke alt som skal gjerast Då er det først sanking og sortering. Sankinga skjer i hovudsak maskinelt, så må eg gå gjennom alle egga som blir sanka, og kontrollere og sortere bort dei som skal til den eine eller andre staden.
Nokre av egga har to plommer. Desse er ekstra» luksus. Andre har ujamnheiter i skalet, litt underleg form, for tynne skal eller misfarging. Dei fleste er fullt etande, men er ikkje innafor» i ein Prior-kartong.
– Det er tidkrevande arbeid, og så kjem alt det førefallande arbeidet på garden i tillegg, fortel Iver.
Strenge rutinar
I hønsehuset på Risvold er det akkurat no 7 500 høns. Så godt som samtlege av desse legg eitt egg kvar dag. Egga blir så sortert ved at skitne og uperfekte» egg blir tatt ut av mengden, medan egga som fyller standardkrava blir levert til dei ulike salskanalane. Dei aller fleste egga blir henta av Nortura. Desse egga blir etterkvart putta i kartongar det står Prior» på. Ein del av egga blir pakka på brett og lagt ut for sal i gardsbutikken. Desse egga er dei som blir selt til forbrukar aller ferskast. Ofte er dei dagsferske.
– Egg har enormt god haldbarheit. Ståande i kjøleskap kan dei halde seg gode i månadsvis. Det er regelverka i EU som seier kor lang haldbarheit ein skal rekne. Reglane er dei same i Norge og for eksempel i Spania, der det er vesentleg varmare. Vi er også heldige i Norge, der vi har heilt salmonellafrie egg. Dei kan etast rå, noko ein bør unngå dei fleste andre stader. Noko av grunnen til det er at vi har god avstand mellom hønsegardane, og generelt ekstremt strenge rutinar for reinhald i Norge, fortel han.
Vi får besøke hønsehuset, og forstår godt kva han meiner. I det same vi har kome inn forbi dei store skilta som seier STOPP med stor tydelegheit, trakkar vi oppi eit kar der skoa må av. Så må ein trakke over i andre sko som står klare. Desse skoa tilhøyrer sorterings- og pakkerommet. Vidare inn mot sjølve hønsehuset, er det enda eit skoskift. Ryfylke trakkar eit augeblikk utanfor det nye karet med sko. Iver seier ifrå. Det skal gjerast på rett måte.
Lite humor
Inne i hønsehuset er det godt dempa belysning. Stemninga der inne er fornøyeleg. For ein journalist utan særleg erfaring frå hønemiljøet, høyrest det ut som om dagens sladder og rykte går frå venninnegjeng til venninnegjeng, multiplisert med tusen. Maset stilnar eit augeblikk når vi kjem inn i rommet, før det endrar karakter. Journalisten kan sverge på han høyrer kviskring i rekkene der inne. Kven i svarte er det der? Har dei slept inn ein bergensar?»
Iver opnar innhenginga, og går inn for å hente ut ein fotomodell» som kan posere saman med han på eit bilde til avisa. Det er tydeleg at ingen av hønene har noko interesse av modellyrket. Dei har svært lite humor når det gjeld å bli fanga og løfta opp, og dei er ikkje redde for å vere tydeleg på dét. Ei høne lar seg imidlertid overtale, og får sitt augeblikk i rampelyset.
Leverer egg i Sauda
Hønehald er underlagt eit strengt regelverk i Norge. Risvold-garden får levert høner som er 16 veker gamle. Dei startar med eggproduksjon ved omlag 20 vekers alder, ein jobb dei har til dei er mellom 78 og 80 veker gamle. Då blir dei tatt ut av teneste, ei rutine som ein bonde aldri blir heilt komfortabel med. Då kjem nemleg Nortura på besøk igjen. Denne gong for å avlive samtlege 7 500 høner i huset. Det blir gjort på ein human måte, med gass. Hønene merker ingenting.
– Det er noko vi må gjere, men det er aldri noko kjekt. Det er eit ubehageleg syn, og vi blir aldri heilt vane med det. Men slik er det nøydd å vere. Når hønene er tatt ut, blir hønsehuset grundig reingjort og fullstendig sanert. Så kjem det nye høner, som skal produsere egg i omlag eitt og eit halvt år, fortel den unge bonden.
Egga frå Risvoldgarden er å finne fleire stader i Sauda. Blant anna på Kløver hotel, Meaw’s og Rysteg bakeri. Då alle butikkane opplevde eggmangel i påsken, fekk Iver ein telefon også frå Bunnpris i Sauda. I dag leverer garden egg fast til butikken.
– Trivst godt
Vel ute i frisk luft, fortel Iver Kvaløy at garden har fleire bein å stå på, i tillegg til eggproduksjonen. Selskapslokalet på Risvold-tunet er eitt eksempel. I tillegg har garden 30 vinterfora villsau, samt 2 300 mål i Nordstøldalen. Der oppe har også familien hytte.
– Det er ein av stadene vi liker å vere for å slappe av og hygge oss. Det er travle dagar, og det er viktig med litt kvile og tid til å lade batteria litt. Hytta blei bygd i 1933, men har blitt modernisert og bygd ut i seinare tid. Eg kan ikkje seie at det er ei sånn hytte-hytte. Det er jo veg heilt til døra, ler Iver.
På gardsplassen møter vi Nora. Ho har nett kome heim frå arbeid. Som fersk lektor, har ho sin arbeidsplass bare eit steinkast heimanfrå, på Risvoll skule. Saman med ho kjem ei firbeint lita sjarmbombe byksande. Med klønete hopp og øra flagrande i alle retningar vil den femten veker gamle golden retriever-kvalpen Luna helse på. Det unge paret har nett fått Luna til garden. Frå før har dei den 14 år gamle hunden Lenka. Vi spør Nora kva rolle ho har på garden.
– Det er jo eit par ting eg tar ekstra ansvar for, som utleiga og reinhald av selskapslokala. Så hjelper eg til der eg kan, lagar mat og held litt tak i ting i huset. Eg trivst veldig godt med livet her, smilar ho.
Framtida i Sauda
Å vere unge bønder har gått gjennom generasjonar på Risvoldgarden. Også mor til Iver var tidleg i tjueåra då ho var med å overta gardsdrifta frå Iver sine besteforeldre, som også var svært unge då dei tok over garden. Iver minnast barndomen på garden med glede.
– Det har vore ein god plass å vekse opp. Så gjekk eg jo på skulen rett ved sidan av. Men eg fekk vere med å jobbe på garden, og lærte mykje av det. Familien har alltid vore glad i å jobbe. Foreldra mine dreiv med taxi i tillegg til gardsdrifta, fortel han.
Nora og Iver fortel at dei ønsker å drive garden vidare slik den er i dag. Nora tar med seg den lodne, firbeinte sjarmøren og går inn i huset. Vi snakkar litt meir med Iver. Korleis ser ein 23 år gamal eggbonde på framtida i Sauda? Kva tankar gjer han seg om utviklinga i heimbyen? Er det optimismen som rår?
– Det er jo mykje som er bra her. Vi har ein verkeleg flott natur rundt oss, og det er nok ein god grunn til å få unge til å etablere seg eller bli buande. Så må vi jobbe med å skape gode arbeidsplassar. Det er mykje positivt som skjer, som for eksempel gondolbana. Den heier eg på. Sauda er ein god og trygg stad å vekse opp, og eg har ingen planar om å flytte nokon anna stad, det er heilt sikkert, seier han.
Dermed blir det framleis muleg å kjøpe seg dagsferske egg og lammekjøt i den litle gardsbutikken på Risvold. Egga blir produsert av dei yngste gardseigarane i Sauda. Og treng Nora og Iver litt hjelp eller råd frå nokon med lang erfaring, er det bare å banke på døra til huset på den andre sida av tunet.