For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Morten Maldal (Sp) stemte for auke i leigesatsane på kommunale utleigebustader.
Morten Maldal (Sp) stemte for auke i leigesatsane på kommunale utleigebustader.

Ja til å auka leigesatsane

Publisert Sist oppdatert
I forslag til vedtak hadde saksbehandlar og einingsleiar Roger Birkeland laga ei sak der det blei føreslått å regulere leigeprisene til gjengs leie med gradvis innfasing over to år fra og med mai 2023 med halvparten av differansen fra i dag per år». I saka blir det argumentert med at leigeprisane per i dag er for låge, og at kommunen årleg kan få inn 1,7 millionar kroner meir ved å heva prisane, når innfasinga er over.
Aps Siv Hege Lund og SVs Øyvind Grassdal meinte det er feil å heva leigeprisane for folk som gjerne alt slit med økonomi og anna i livet, og bad om å utsetta saka til neste haust, for å få betre oversikt over konsekvensane av blant anna straumkrisa, inflasjon og matprisauke. Utsettingsforslaget fekk kun stemmene til Lund og Grassdal. Då saka blei behandla sa KrFs Kristian Landro at han forstod skepsisen til Ap og SV, men minna om at dagens kommunale prisar er langt lågare enn den offisielle marknaden.
Under avstemminga var det kun Lund og Grassdal som stemte imot å heva prisane. Kristian Landro (KrF), Asbjørn Birkeland (Sp), Morten Maldal (Sp), Vegard Birkeland (Sp) og Per Aksel Birkeland (Sp) stemte for.
Powered by Labrador CMS