Kjetil har budd fem månader på Sørpolen
– Det er fantastiske minne for livet, men det er dagar der eg lengtar heim til Sauda, seier sørpolfararen.
Etter 35 år som røyrleggar i familiebedrifta Sauda Rørhandel, dei siste åra som dagleg leiar, fekk Kjetil Rasmussen lyst til å prøve noko anna i livet. Han søkte Norsk Polarinstitutt om å få bli éin av dei seks tilsette som skal drifte forskningstasjonen Troll i eitt år. Han fekk jobben som driftsteknikar.
Nå har det snart gått eit halvt år sidan han sette seg på flyet med kurs for Antarktis. Ennå er det eit drygt halvår før han kan reise heim igjen.
– Det går veldig bra. Det er mykje arbeid og nok å gjere på. Ut over den daglege jobben som røyrleggar og stasjonens vaktmeister, er det ein del maskinskjøring i forbindelse med drifta av flyplassen, fresing av is til produksjon av vatn og i tillegg hjelpe mekanikaren med drift av kraftstasjonen, seier 51-åringen.
Han opplyser at hovudansvaret hans er dagleg drift av sanitæranlegg, avløpsreinseanlegg, varmeanlegg, fjernvarme, ventilasjon og brannberedskap.
Dei er seks personar som driftar stasjonen. Ein av dei tilsette er kokk og har ansvaret for maten. Ein annan person er lege, noko dei er heilt avhengig av. Det er langt til næraste sjukehus når du held til i Dronning Maud land.
– Det tar minst 14 dagar å evakuere ut nokon om vinteren, dersom vêret i det heile tatt tillet det. Det er 4500 kilometer til Cape Town i Sør-Afrika. Til samanlikning tar det kun éin dag å evakuere nokon frå den internasjonale romstasjonen. Avstanden dit er 300 kilometer, opplyser saudabuen.
Dei øvrige fire personane har driftsspesialiserte oppgåver som fysisk må til for å halde ein stasjon i gang. Du kan ikkje ringe til røyrleggar dersom eit vassrøyr går i stykker. Du må sørge for at det er nok kompetanse og utstyr på forskningsstasjonen til å takle utfordringane etter kvart som dei dukkar opp.
– Den første tida gjekk det mykje tid til kursing blant anna i førstehjelp, medisin, brekurs og redning, brannkursing og flyplassdrift. Det går med mykje tid til kursing. Legen vår er ivrig på å halde kurs, hehe. Det er bra for oss. Me lærer avansert førstehjelp mens me er her, opplyser han.
I tillegg til å drifte forskningsdelen er det også eit satellittanlegg der som dei har ansvaret for å halde i drift.
– Måleinstrumenta som er her er så nøyaktige at dersom det bryt ut ein skogbrann i Mellom-Amerika, blir den registrert på målesinstrumenta me har her. Instrumenta er så fintfølande at du ikkje kan gå nær dei med amalgam i tennene. Da slår kvikksølvet i amalgamet ut på instrumenta og det bli registrert i Oslo hos Norsk institutt for luftforskning. Han som opererer desse instrumenta hos oss må bruke spesialsolkrem, seier Kjetil Rasmussen.
Da saudabuen reiste ned 15. november var det rundt 50 personar som var med, men nå er dei kun seks personar der, og som skal drifte basen aleine fram til slutten av oktober.
– Me er veldig avhengig av at me seks personane fungerer godt saman, seier Kjetil.
Han berømmer kokken dei har der. Det er lang til næraste ferskvaredisk.
– Maten er heilt fantastisk. Den er alt for god, smiler saudabuen.
I løpet av desse fem månadane har han fått sett seg rundt i dei nærliggande områda.
– Det er flott natur og fantastiske fjell. Fjella rundt strekk seg opp til 2500 meters høgde. Stasjonen ligg heilt i kanten mellom isen og berggrunnen. Isen er 1,3 kilometer tjukk. Eg har gått ein del fotturar, skiturar og kjørte snøscooterturar. Men nå begynner det å bli såpass kaldt, pluss at det sikkerhetsmessig er lagt inn begrensningar på kor langt me kan bevege oss. Derfor kan eg ikkje kan dra på langturar nå, men drar på kortare turar i nærområdet. I tillegg er ei hytte omlag 15 kilometer unna flittig brukt.
Han opplyser at det er mykje fjell, stein og is, men ingen vegetasjon, bortsett frå nokre få lavartar.
– Det er ein veldig spesiell geologi. Det er heller ikkje noko særleg dyreliv. Eg har sett tre-fire fugleartar som hekkar her. Men etter at det kom to dobbelorkanar forsvann dei og gav truleg opp hekkinga. Ellers har eg ikkje sett andre dyr. Ute ved kysten er det pingvinar, men det er langt unna oss.
Han opplyser at det var rundt 20 minusgrader der i mars. På den kaldaste tida i månadane som kjem kan temperaturen krype under 50 kuldegrader.
– Da me kom ned var det rundt 10 minus, men da kunne du gå rundt i t-skjorte ute, fordi sola var så kraftig. Sola hadde da ein UV-indeks på 12. Påskesola heim i Sauda har ein UV-indeks på omlag 6 i fjellet. Til å begynne med var det midnattsol her, sidan det er motsett av årstidene på den nordlege halvkula. Det er svært lite nedbør her og tørr luft, så det følest ikkje så kaldt som temperaturmålaren viser.
Kjetil opplyser at det er svært klar luft der nede. I tillegg er det ingen lysstøy frå bebyggelse i nærheita.
– Du klarer derfor å sjå veldig langt. Det er veldig merkeleg og vanskeleg å bedømme avstandar. Du kan sjå ti mil, men det verkar bare som det er to mil unna.
Forskningsstasjonen han er på blir drifta av Norsk Polarinstitutt.
– Det som overraska meg da eg kom hit er at forskningsstasjonen er eit lappverk av konteinarar og utvidingar. Det er ein gamal base som er bygd på i alle endar, seier Kjetil Rasmussen.
Den blei først bygd som ein enkel sommarstasjon i 1990. Seinare har anlegget blitt kraftig utvida. 2007 var det første året den ble drifta som heilårsstasjon.
– Det er ein del ting som er gamalt og dårleg. Det er mykje å gripe fatt i. Det er planar om ein ny forskningsstasjon om 10-15 år, viss ein klarer å skaffe midlane. Det snakk om at det vil koste 2,5-3 milliardar kroner. Det er høg kvadratmeterpris og mykje penger, konstaterer han.
Etter planen skal han heim 10. november. Men det er viss alt går etter planen. Det er ikkje bare å hoppe på første fly viss ein skal reise frå Sydpolen.
– Det forrige teamet som drifta basen i eitt år blei 50 dagar forsinka da dei skulle heim. Det var på grunn av korona og dårleg vêr, smiler Saudas første sydpolfarar.