For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Dei to 14-åringane Torben Djuv Søfting (til høgre) og Elias Dybing (i midten) tok knallsterke gullmedaljar under helgas kretsmeisterskap i Sandnes.
Dei to 14-åringane Torben Djuv Søfting (til høgre) og Elias Dybing (i midten) tok knallsterke gullmedaljar under helgas kretsmeisterskap i Sandnes.

KM-gull til Elias og Torben

Publisert Sist oppdatert

Dei to kompisane og treningskameratane Torben Djuv Søfting (14) og Elias Dybing (14) frå Sauda gjorde reint bord under helgas kretsmeisterskap i friidrett i Sandnes.

Laurdag var det Torben Djuv Søfting som var i elden. På distansen 600 meter tok han ein sterk førsteplass, og sikra dermed meisterskapets første gullmedalje på like mange forsøk. Prestasjonen er ekstra sterk med tanke på at han har vore skada og borte fra trening i tre veker før helgas konkurransar.

Søndag stilte både Torben og Elias Dybing til start på 1500 meter, og dei to løparane som representerer Sauda idrettslag var begge i glimrande slag. Søfting sprang inn til tida 4.46, og sette med det ny personleg rekord og sikra seg bronsemedaljen.

Gullet var det treningskompanjong Elias Dybing som tok. Han rasa inn på tida 4.20, og knuste med det sin personlege rekord med åtte sekund.

– Dei er flinke og motiverte gutar. Om vinteren trener dei langrenn, mens det er springing om sommaren. Dei ønsker å satse skikkeleg, og trenar Per Ivar Sivle fortener skryt for sin rolle. Han er dyktig å hjelpe dei vidare. Kretsmeisterskapet var veldig kjekt, og neste helg er det Mai-leikane som står for tur, fortel Elias si mor og fast tilskodar, Elin Bryne.
Powered by Labrador CMS