For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

E134 er stengd grunna uvêr.
E134 er stengd grunna uvêr.

Kolonnekjøring over Haukelifjell, Rv 7 over Hardangervidda stengt

Publisert Sist oppdatert

E6 over Saltfjellet vart stengd på grunn av uvêr rett etter midnatt, men vart opna igjen for trafikk i 6-tida tysdag morgon.

E134 Haukelifjell vart også stengd mellom Vågslidtunnelen og Liamyrene på grunn av uvêret natt til tysdag etter at det hadde vore kolonnekøyring i fleire timar. Litt før klokka 6 opplyste Vegtrafikksentralen sør at det igjen var opna for kolonnekøyring på strekninga. Halvannan time seinare blei vegen på ny stengd.

Oppdatering: Klokka 08.50 er E134 på ny opna for kolonnekjøring.

Riksveg 13 over Vikafjellet er framleis stengd. Denne strekninga er førebels stengd fram til klokka 23 tysdag kveld.

Klokka 0.50 natt til tysdag opplyste Vegtrafikksentralen vest at også riksveg 7 over Hardangervidda er stengde på grunn av uvêr. Ny vurdering blir teken tysdag formiddag. Også fylkesveg 50 Aurland – Hol er stengt på grunn av uvêret.

(NPK)

Powered by Labrador CMS