For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Mikrourbanisering betyr stadutvikling med særleg fokus på sentrum der offentlege aktørar, næringsliv og det frivillige samarbeider for å auke attraktiviteten til ein mindre tettstad. I kommuneplanen til Sauda er målet å få til meir aktivitet i sentrum.
Mikrourbanisering betyr stadutvikling med særleg fokus på sentrum der offentlege aktørar, næringsliv og det frivillige samarbeider for å auke attraktiviteten til ein mindre tettstad. I kommuneplanen til Sauda er målet å få til meir aktivitet i sentrum.

Kommunane må vere aktive for å bli attraktive

Publisert Sist oppdatert

Det viser ein ny studie frå Transportøkonomisk Institutt, som har analysert korleis såkalla mikrourbanisering kan løfte sentrumsutviklinga i små kommunar med mellom 200 til 2.000 innbyggjarar. Mikrourbanisering betyr stadsutvikling med særleg fokus på sentrum der offentlege aktørar, næringsliv og det frivillige samarbeider for å auke attraktiviteten til ein mindre tettstad. Det kan innebere alt frå fysisk samlokalisering av arbeidsplassar, bustader, offentlege tenester, sentrumstilbod, samfunnshus og offentlege møteplassar. Det kan også vere knytt til ikkje-fysiske eigenskapar som aktørsamarbeid, aktivitet i sentrum og andre element som gjer ein tettstad til ein attraktiv stad å jobbe, bu eller besøkje.

Kommunen må spele ei sentral rolle

Ifølgje rapporten er kommunale vedtak om sentrumssatsing, kommunale strategiar og planar som legitimerer og bidreg til ønskt utvikling, og kommunen som prosessleiar, viktige føresetnader for god mikrourbanisering. Forskarane meiner vidare at det at kommunen sjølv investerer i sentrum og går føre med investeringar, er viktig. I tillegg bør nøkkelaktørar utanom kommunen bidra. Kommunen bør delta i FoU prosjekt og prosjekt som Bulyst og GNIST, nytte styringsverktøy og setje av personressursar til å jobbe med stadutvikling.

(NPK)

Powered by Labrador CMS