Strikking er blitt ein populær fritidssyssel. Og det er mange som ynskjer å handla lokalt og kortreist for å ta vare på miljøet når dei skal finna garn til sitt nye strikkeprosjekt.
Men før ulla blir spunnen til garn som strikkeglade nordmenn kan hekta på strikkepinnane sine, må mesteparten av ulla frå norske sauer først innom Storbritannia for å bli vaska.
– Me sender ull frå Forus i sør, til Målselv i nord, seier leiar for ullavdelinga til Norilia, Marion Tviland.
Norilia er eit dotterselskap av Nortura som utnyttar biprodukta frå kjøt- og eggproduksjonen. Dei anslår at det blir produsert om lag 4.000 tonn ull kvart år frå norske sauer.
– Før ho går ut blir ulla pressa saman til ullballar på om lag 400 kilo. Dei blir igjen sende ut til nærmaste hamn i konteinarar på 23 opptil 26 tonn. Kor mange konteinarar me sender kjem an på volumet på den enkelte ullstasjonen, fortel Tviland.
Over Nordsjøen og tilbake
Frå hovudstasjonen på Gol i Hallingdal blir ullballane frakta med bil til Oslo-området, før dei blir frakta vidare med skip til Rotterdam i Nederland, og så vidare til Bradford i England.
Framme i Bradford blir ulla vaska etter ei oppskrift Norilia hevdar er blant dei meir miljøvenlege. Alt skyljevatnet blir resirkulert og berre biologisk nedbrytbare vaskemiddel blir brukte. I tillegg skriv Norilia at det ikkje blir brukt klor-baserte bleikemiddel og at alle former for emballasje blir vunne att.
– Cirka ein tredjedel av ulla Norilia sender ut kjem tilbake til Noreg og går direkte dit kundane våre vil ha henne levert, stadfestar Tviland. Resten blir seld til utlandet for anten spinning, strikking eller andre føremål.
Hard kamp på marknaden
Norilia er oppteken av å vera konkurransedyktig i den norske ullindustrien og ein konkurrerer i ein internasjonal marknad med mange av aktørar. Attpåtil er det òg stor konkurranse i Noreg om å få ull og produkt frå andre land og kontinent.
– Eg tenker at om ein skulle satsa på å vaska ulla i Noreg, hadde det blitt ei stor investering for eit lite volum, seier Tviland.
– Då hadde prisen for å få vaska ulla blitt svært høg. Eg er redd for at prisen for den vaska ulla då hadde blitt for høg til at den norske ullindustrien klarar å vera konkurransedyktig mot konkurrerande produsentar som får kjøpt ull til ein lågare pris, legg ho til.
Hadde det blitt tilfellet, fryktar Tviland at industrien ikkje hadde hatt råd til å bruka norsk ull og at etterspurnaden av norsk ull i Noreg ville blitt sterkt redusert. I mellomtida er nordmenn villige til å punga ut ein viss andel meir når ulla er norsk.
– Det er betalingsvilje blant folk. Spørsmålet er berre om ein er villig til å betala dobbel pris for eit garnnøste eller ein genser.
Ho peikar òg på at dersom det hadde blitt aktuelt med eit vaskeri for ulla som kjem til dei store stasjonane i Noreg, kunne det ført til nye problemstillingar med logistikk.
– Då hadde me måtta dela ulla frå den enkelte varestasjonen inn i to varestraumar. Éin for den ulla som skal vaskast i Noreg, og éin for den ulla som skal eksporterast og seljast uvaska. Då er det ikkje alltid like lett å alltid transportera med fulle konteinarar.
Dette hadde kravt meir logistikk frå dei åtte ullstasjonane.
– Eg er ikkje overtydd om at det blir mindre transport med eit vaskeri her i Noreg, seier Tviland.
Gjeld ikkje all ull
Sjølv om hovudtyngda av norsk ull blir send til utlandet for å bli vaska, er det framleis aktørar som har eigne vaskeri. Sandnes Garn er ein av dei som vaskar ulla på sin eigen fabrikk i Sandnes.
– Det er utan tvil billigare for oss å vaska ulla sjølve enn å kjøpa henne ferdig vaska, seier administrerande direktør, Harald Mjølne.
– Det meste me får inn kjem frå Gol med bil og blir vaska på 55 grader med såpe. Det er det mest gunstige for oss.
I tillegg er det meir miljøvenleg i seg sjølv enn å frakta ulla til utlandet med skip og tilbake igjen. Eit ullvaskeri derimot ei kostbar investering som krev mykje plass. Maskina på fabrikken til Sandnes Garn er 36 meter lang.
Milevis unna på Nordmøre, har Tingvoll Ull etablert seg. Dagleg leiar, Arnar Lyche hadde ein visjon om ei heilnorsk verdikjede. Ulla frå tradisjonelle norske sauerasar, held seg innanfor landegrensene frå beitemark til garnnøste.
Lyche har late seg inspirera av industrien på Island og øya Gotland i Sverige, der mykje av ulla blir foredla av lokale aktørar.
– Me er nøye på det, og for oss er det uaktuelt å senda ulla til utlandet for vask, seier Lyche.
I dag er mellom anna Selbu Spinneri kunde hjå dei og ulla blir frakta over fylkesgrensa for å bli spunnen.
– Folk er opptekne av ei lokal og kortreist verdikjede å leva av i framtida. Dei er opptekne av at det skal vera berekraftig, seier Arnar Lyche.
(NPK)