Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

22 prosent av oss har bede til høgare makter om fred i verda den siste tida, viser ei undersøking gjort for Den norske kyrkja.
22 prosent av oss har bede til høgare makter om fred i verda den siste tida, viser ei undersøking gjort for Den norske kyrkja.

Kvar femte nordmann ber om fred i verda

Publisert Sist oppdatert
Biskopen er klar på at alle kan be, både dei som trur og dei som ikkje trur.

– Å be er noko alle kan gjere, med eller utan ord, om ein trur eller ikkje. Gud høyrer alle bønner, legg biskopen til.

Verda er ustabil, og mange er redde for at krigen skal ramme oss her heime også. I fastetida før påske har det vore bede om fred i mange gudstenester, og mange deltakarar set pris på å be og tenne lys i kyrkjene våre, heiter det i ei pressemelding frå Den norske kyrkja.

Ei undersøking gjort av Opinion på vegner av Den norske kyrkja, viser at 22 prosent av innbyggjarane her i landet, eller meir enn 1,2 millionar menneske i alle aldersgrupper, har bede til høgare makter om fred.

– At så mange nordmenn ber om fed er eit sterkt uttrykk for at vi kjenner på frykt og uro. Det er djupt menneskeleg å be til høgare makter, og slik uttrykkje det tanken og hjartet er fylt av. Vi an også be for kvarandre. Bønn er den djupast form for solidaritet mellom oss menneske, og det kan få oss til å gjere meir for kvarandre, seier Olav Fykse-Tveit.

Undersøkinga viser at det er flest kvinner som ber, og aller best kvinner mellom 50 og 60 år. Samstundes har 15 prosent av dei unge bede om fred. Geografisk er det fleire som ber i Midt-Noreg og Sørlandet enn resten av landet.

Det kjem også fram at dei som har minst å rutte med, er dei som ber mest. For personar med under 400.000 kroner i inntekt i husstanden er det 35 prosent som svarar at dei har bede om fred i verda den siste tida.

Powered by Labrador CMS